Historisk arkiv

Nye nasjonale føringar for vassforvaltninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Godt vassmiljø er viktig både for livet i vatnet, for matproduksjon, for drikkevassforsyninga og for rekreasjon og friluftsliv. Klima- og miljødepartementet har no sendt ut nye, ambisiøse nasjonale føringar for arbeidet med å sikre godt vassmiljø i Noreg.

– Reint vatn som kan brukast som drikkevatn, av ulike næringsinteresser, som er viktig for plante- og dyreartar og som gir naturglede og rekreasjon, er ikkje sjølvsagt. Påverknad frå mellom anna jordbruk, avløp, vasskraft, framande artar og industri trugar vassmiljøet vårt. Dei nye nasjonale føringane skal bidra til å betre tilstanden i vatnet i Noreg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

I Granavolden-plattforma blir det slått fast at Regjeringa vil "styrke norsk vannforvaltning og følge opp vannforskriften". Dei nye nasjonale føringane skal bidra til det.

For å oppfylle Noregs forpliktingar etter EUs vassdirektiv, som er gjennomført i den norske vassforskrifta, har utvalde fylkeskommunar som er utpeika som såkalla vassregionmyndigheiter, utarbeidd vassforvaltingsplanar for perioden 2016-2021. Desse vassforvaltningsplanane vart godkjente av Klima- og miljødepartementet i 2016.

Miljømåla i vassforskrifta seier mellom anna at alt vatn i utgangspunktet skal ha god tilstand. I vassforvaltingsplanane er det sett miljømål for alle elver og innsjøar og alt kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er også laga tiltaksprogram der det er føreslått tiltak for å betre miljøet for å nå måla. Desse tiltaka skal vurderast og følgjast opp av den ansvarlege sektorstyresmakta. Planane og tilhøyrande tiltaksprogram skal oppdaterast kvart sjette år fram til 2033. Dette arbeidet er no i gang i vassregionane.

– Arbeidet med gjeldande vassforvaltingsplanar har gitt oss verdifull erfaring for det vidare arbeidet med å nå miljømåla vi har sett for vatn i Noreg. For å nå vassforskrifta sine miljømål, må innsatsen styrkast. Dei nye nasjonale føringane for oppdatering av gjeldande planar skal bidra til dette, seier Elvestuen.

Dei nye føringane inneber mellom anna at:

  • Alle avløpsanlegga i den enkelte kommune skal oppfylle forureingsforskriftea sine rensekrav slik at vi kan nå miljømåla innan 2027, og seinast innan 2033.
  • Tiltak for vill fisk som er påverka av lakselus eller rømt oppdrettsfisk, skal bygge på ny kunnskap som er komen etter at vassforvaltningsplanane for 2016-2021 vart utarbeidde. Denne kunnskapen er tilgjengeleg i Vann-nett.
  • Regjeringa vil innføre meir forpliktande krav for forureining frå jordbruket. Krava skal sikre god tilstand i alle vassførekomstar som blir påverka av aktivitetar frå jordbruket. Fylkesmenn og kommunar skal stille krav om miljøtiltak der det er naudsynt for å nå miljømåla etter vassforskrifta innan 2027, og seinast innan 2033. Det skal utformast ein ny heimel for tilgangen fylkesmannen har til å stille miljøkrav i særskilt utsette område.
  • Regjeringa arbeider med ein tiltaksplan mot framande artar som mellom anna trugar vasskvaliteten. Planen skal vere klar i løpet av våren 2019.
  • Transportetatar og underliggjande verksemder skal gjennomføre tiltak som betrar miljøet i alle vassførekomstar der dette er naudsynt for å nå vassforskrifta sine miljømål innan fristane.
  • Tiltak for å verne drikkevasskjelder skal avklarast gjennom dei regionale vassforvaltningsplanane, og blir ivaretekne i arealdelen til kommuneplanen, gjennom omsynssoner og tilhøyrande planavgjerder.

Nasjonale føringar for vasskraft som vart gjevne ved brev av 24. januar 2014 frå Olje- og energidepartementet og Klima- og miljødepartementet, vil gjelde fram til desse blir oppdaterte.

Dei nasjonale føringane er tilgjengelege her: Nasjonale føringer for arbeidet med oppdatering av de regionale vannforvaltningsplanene.pdf.