Statsbudsjettet 2016: Vedlikehaldsetterslep blir redusert på veg og bane – med auka løyvingar til fornying, vedlikehald og drift

- Vi må få ein infrastruktur som fungerer på ein slik at måte at dei reisande kan stole på han i kvardagen. Derfor foreslår regjeringa ein kraftig auke i vedlikehald og fornying av veg- og jernbaneinfrastruktur. Dette vil også gi eit viktig bidrag til arbeid og aktivitet. Dei foreslått løyvingane til vedlikehald og fornying ligg vesentleg over det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Både på veg og jernbane har det i tiår vore eit voksande etterslep for vedlikehald. I statsbudsjettet for 2015 snudde trenden, og forfallet vart redusert. I 2016 blir innsatsen mot forfallet styrkt ytterlegare.

For jernbanen vil dei foreslåtte midlane mellom anna føre til at vedlikehaldsetterslepet blir redusert med om lag 500 millionar kroner.  For riksvegar blir vedlikehaldsetterslepet redusert med rundt 2100 millionar kroner.

Den foreslåtte auken til fornying og vedlikehald på riksvegane fører også til at det i 2016 skal nyttast nær 2,5 milliardar kroner til tunnelsikring på riksvegnettet. Dette er ein auke med 1,1 milliard kroner frå 2015, og omkring ei firedobling på fire år.

- Diverre opplever vi at arbeidsløysa aukar. Dette har samanheng med at oljeprisen er blitt halvert på kort tid. Regjeringa vil motverke lediggang ved å satse på arbeid og aktivitet. Auka satsing på fornying av veg- og jernbanenettet er blant tiltaka som skal bidra til å få fleire i arbeid, ikkje minst gjennom ulike eingongstiltak for vekst i sysselsetjinga. I tillegg fører denne auken også til varige effektar som meir trygg og effektiv transport av personar og gods på både veg og jernbane., seier samferdselsministeren.

Riksvegane: Vedlikehaldsetterslepet blir redusert med 2,1 milliardar kroner
Til vedlikehald på riksvegane er det foreslått i alt 3,26 milliardar kroner – ein auke med vel 285 millionar kroner frå 2015. Løyvinga omfattar mellom anna reasfaltering av vegdekke, noko som i 2016 vil gi nye vegdekke på om lag 1 400 kilometer riksveg. I tillegg har ein prioritert vedlikehaldstiltak i riksvegtunnelar. Vedlikehaldsmidlane går elles til mellom anna tiltak på bruer, haldeplassar og i tekniske anlegg.

340 millionar kroner av den foreslåtte løyvinga til vedlikehald er midlar som inngår i regjeringa si tiltakspakke for å fremje arbeid, aktivitet og omstilling. Med den foreslåtte løyvinga vil forfallet på riksvegnettet bli redusert for andre år på rad, etter fleire tiår med auke.

Oppfølginga av dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2017 for posten "Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m." er 78 prosent etter dei tre første åra av den fireårige perioden. God oppfølging av budsjettposten heng særleg saman med at regjeringa har prioritert å tildele meir til vedlikehald enn det som ligg til grunn for Nasjonal transportplan.

Til fornying på riksvegane er det foreslått 1,82 milliardar kroner – ein auke på nær 130 prosent frå 2015. Midlane vil i hovudsak bli brukt til tiltak for å ta igjen forfall i vegtunnelar og for å oppfylle krav og reglar for tunnelar. 200 millionar kroner av den foreslåtte løyvinga er midlar som inngår i regjeringa si tiltakspakke for å fremje arbeid, aktivitet og omstilling. Oppfølginga av dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2014-2017 for posten "Fornying" er 81 prosent etter dei tre første åra av denne fireårige handlingsprogramperioden.

Den samla innsatsen i tunnelar – gjennom bruk av foreslåtte vedlikehalds- og fornyingsmidlar – er på til saman om lag 2,47 milliardar kroner i 2016. Dette er ein auke på om lag 80 prosent samanlikna med 2015. For å halde framdrifta i arbeidet med å oppgradere riksvegtunnelar har regjeringa prioritert midlar til formålet, og Statens vegvesen har sett i gang tiltak i ei rekkje større tunnelar.

Midlane til vedlikehald og fornying vil, samla sett, føre til at vedlikehaldsetterslepet på riksvegane blir redusert med ytterlegare 2,1 milliardar kroner i 2016, meir enn dobbelt så mykje som i 2015.

Drift og vedlikehald av jernbanen: Overoppfylt NTP-ramme for dei tre første åra
Regjeringaforeslår om lag 21,3 milliardar kroner til jernbaneføremål i 2016. Av dette er nær 8,3 milliardar kroner sette av til drift og vedlikehald av jernbanenettet over budsjettet til Jernbaneverket. Dette er ein auke på vel 20 prosent samanlikna med 2015.

Med dette forslaget har regjeringa overoppfylt den økonomiske ramma for dei tre første åra av Nasjonal transportplan 2014-2023 med meir enn ein milliard kroner når det gjeld drift og vedlikehald av jernbanenettet.

Løyvinga til drift og vedlikehald blir foreslått auka for å leggje til rette for mellom anna ei eventuell framskunda planlegging for å fase inn nye signalanlegg med ERTMS-teknologi og for å styrkje vedlikehaldet av dagens jernbaneinfrastruktur. 

Meir til vedlikehald – reduserer etterslepet
Til drift av jernbanen er det sett av 3,3 milliardar kroner, ein auke på vel 8 prosent samanlikna med 2015. Til vedlikehald er det sett av vel 4,8 milliardar kroner, ein auke på nær 31 prosent. Størsteparten av auken til drift- og vedlikehald går til vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen.

Etterslepet i vedlikehaldet er rekna til om lag 18 milliardar kroner ved utgangen av 2015. Innafor dei føreslåtte midlane til vedlikehald er vel 2,5 milliardar kroner sette av til fornying. Dette gjer at vedlikehaldsetterslepet kjem til å bli redusert med om lag 550 millionar kroner, til om lag 17,5 milliardar kroner ved utgangen av 2016.  Etter mange år med auka etterslep, har trenden no snudd og forfallet blir reduserat for andre år på rad..

Fornying er eit viktig for å oppnå betre driftsstabilitet i trafikkavviklinga. På grunn av klimatiske utfordringar og store variasjonar i alder og tilstand for jernbaneanlegga, er det knytt store utfordringar til å halde god driftsstabilitet i dagens infrastruktur. God driftsstabilitet er avgjørande for at person- og godstog går og kjem fram når dei skal.

Midlane til fornying går mellom anna til tiltak på Dovrebanen, Sørlandsbanen/Jærbanen og Bergensbanen/Vossebanen. Det skal òg bli utført fornyingsarbeid på fleire av dei andre banestrekningane på jernbanenettet.

Av dei foreslåtte midlane til fornying er 480 millionar kroner sette av til eingongstiltak som ein del av tiltakspakka frå regjeringa for å auke sysselsetjinga. Eingongstiltaka kjem til å bli gjennomført på fleire jernbanestrekningar, og omfattar tiltak for 110 millionar kroner på Sørlands-/Jærbanen og 150 millionar kroner på Bergens-/Vossebanen.

Nye signalanlegg: Mogeleg med framskunda planlegging av ERTMS-prosjektet
Av dei føreslåtte midlane til vedlikehald er det sett av 544 millionar kroner til planlegging av ERTMS-prosjektet (European Rail Traffic Management System). Ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av ERTMS-prosjektet er planlagt ferdig hausten 2015. Etter dette vil Samferdseldepartementet kome attende til Stortinget med saka på eigna måte. 

Regjeringa er oppteken av å framskunde planlegginga for eventuelt å fase inn nye signalanlegg raskare på jernbanenettet - i fall kvalitetssikringa av prosjektet opnar for ei slik framskunding.  Å fornye jernbanenettet med ERTMS-teknologi er eit av de største prosjekta for modernisering av norsk jernbane i nyare tid.   

ERTMS-prosjektet tar utgangspunkt i behovet for fornying av dagens signalanlegg og behovet for nye signalanlegg i samband med bygging av ny infrastruktur. I tillegg har togselskapa behov for å byggje om togmateriell for å vere tilpassa ERTMS-teknologien.


For fleire opplysningar – sjå: