Historisk arkiv

Vedtek statleg reguleringsplan for Evenes flystasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i dag vedteke statleg reguleringsplan for Evenes flystasjon og Harstad/Narvik lufthamn. Føremålet med planen er å leggje til rette for Forsvarets auka aktivitet på Evenes.

- Eg er glad for at vi nå er i mål med ein plan som sikrar Forsvaret sine behov på Evenes på ein god måte, og som også tek omsyn til miljø og andre samfunnsinteresser knytt til området, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup. 

Evenes flystasjon skal fungere som base for F-35 jagarfly og dei nye maritime overvakingsflya P-8A . Basen vil spele ei nøkkelrolle i Noregs luftforsvar og for suverenitetshevding i nordområda. Når basen er fullt utbygd vil han huse om lag 800 tilsette og vernepliktige mannskaper. 

-Dette er ein milestolpe for etableringa av Evenes flystasjon og forsvaret av Norge. F 35 kan finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn flya vi har i dag. Dei nye overvakingsflya er raskare og når lengre enn dagens aldrande flåte og styrkar evna til i maritim overvaking, etterretning og anti-ubåtoperasjonar.

Det har vært viktig for meg at vi samstundes har teke omsyn til dei viktige naturverdiane rundt Evenes, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

 Planen omfattar og sivile areal på Harstad/Narvik lufthamn. Dette er område som både Avinor og private aktørar ønskjer å utvikle vidare. Også Evenes kommune har interesser knytt til utviklinga av området, og til verknadene for lokalsamfunnet av den auka aktiviteten på flystasjonen.  Samstundes er flystasjonen og lufthamna omgitt av viktige naturområde, som er sårbare for auka aktivitet. Det har difor vore eit komplisert planarbeid, kor det har vore viktig å finne løysingar som og tek omsyn til desse interessene og verdiane.

Plandokumentene kan lese på Forsvarsbyggs nettsider