Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 38

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 38, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 19. – fredag 23. september
Utanriksminister Brende deltek på generalforsamlinga i FN. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New York (USA)

Pressekontakt: Marte L. Kopstad, mobil 995 22 026 (til 20. september) og
Astrid Sehl, 922 84 752 (frå 20. september).

Laurdag 24. – tysdag 27. september
Utanriksminister Brende deltek på signeringsseremonien i samband med fredsavtalen mellom den colombianske regjeringa og Farc-geriljaen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Cartagena (Colombia)

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Måndag 19. september
EØS- og EU-minister Vik Aspaker vitjar Barentssekretariatet og Sør-Varanger kommune. Stad: Kirkenes

Pressekontakt: Siri Svendsen, 976 87 801.

Tysdag 20. september
EØS- og EU-minister Vik Aspaker deltek på møte i Stortinget sitt Europautval. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 22. september
EØS- og EU-minister Vik Aspaker reiser til Frankrike for politiske møter. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris (Frankrike).

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statssekretær Tore Hattrem

Tysdag 20. september
Kl. 17.00: Statssekretær Tore Hattrem opnar Afghanistan-veka, i regi av Afghanistankomiteen, Chr. Michelsens institutt (CMI) og Institutt for fredsforsking (PRIO). Stad: Oslo (PRIO Hausmannsgate 3)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 19. – fredag 23. september
Statssekretær Tone Skogen deltek på generalforsamlinga i FN. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New York (USA)

Pressekontakt: Marte L. Kopstad, mobil 995 22 026 (til 20. september) og
Astrid Sehl, 922 84 752 (frå 20. september).

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 20. september
Kl. 12.00: Statssekretær Laila Bokhari møter direktør Andrea S. Winkler og Ingeborg K. Haavardsson ved Centre for Global Health. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 22. september
Kl. 13.30: Statssekretær Laila Bokhari møter direktør Anja Langebucher ved Europa-kontoret til Bill and Melinda Gates Foundation. Stad: Oslo (UD)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Torsdag 22. september
Statssekretær Elsbeth Tronstad deltek på Europapolitisk forum. Stad: Kirkenes

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.