Historisk arkiv

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek 8. mai ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 2. mai
Kl. 11.30: Statsminister Erna Solberg er til stades når H.M. Dronninga og H.K.H. Kronprinsessa legg ned grunnstein for nytt nasjonalmuseum i Vika i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Business for Peace-konferansen på Oslo Fredssenter. Business for Peace er eit internasjonalt toppmøte for næringslivsleiarar.  

I år samlast over 100 næringslivsleiarar frå meir enn 20 land i Oslo. Deira engasjement for ei grønare og meir rettferdig verd vil formaliserast i eit løfte til FN, og vert overrekt til statsminister Erna Solberg, som er ein av leiarane for FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 4. mai
Kl. 12.30: Statsministeren møter den tunisiske parlamentspresidenten, Mohamed Ennaceur, på Statsministerens kontor. 

Kl. 13.00: Statsministeren møter Litauens statsminister Algirdas Butkevičius til arbeidslunsj på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar kl. 12.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 8. mai
Statsministeren deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus slott og Akershus festning. På føremiddagen er statsministeren vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått dekorasjonar. 

H.M. Kongen legg ned krans, og statsministeren taler, i ein medaljeseremoni ved Nasjonalmonumentet på Akershus festning frå kl. 15.30. Stortingspresidenten, forsvarsministeren og forsvarssjefen er også til stades.

Sjå fleire detaljar på nettsidene til Forsvarsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 12. mai
Statsminister Erna Solberg deltek på en internasjonal antikorrupsjonskonferanse i London. Akkreditering innan 5. mai. Sjå eiga pressemelding for detaljar.