Statsministerens program veke 23

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 6. juni
Kl. 08.10: Statsminister Erna Solberg tek imot Libanons statsminister Tamam Salan til samtalar i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Kl. 09.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 7. juni
Kl. 09.00: Statsminister Solberg, barne- og likestillingsminister Horne, kulturminister Hofstad Helleland og kommunal- og moderniseringsminister Sanner lanserer regjeringa si fritidserklæring. Stad: Forandringshuset, Grønlandsleiret 41. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 10.45: Statsministeren møter EU-landa sine ambassadørar i Noreg.

Kl. 14.30: Statsministeren deltek på Redningsselskapets arrangement i samband med 125-årsjubileet. Arrangementet går føre seg på Norsk Maritimt Museum på Bygdøy i Oslo. Statsministeren taler om lag kl. 15.40.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 8. juni
Kl. 18.00: Statsministeren opnar Kulturgruppefestivalen på Notodden. Stad: Notodden idrettshall. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Lørdag 11. juni
Kl. 10.00: Statsministeren opnar eit delegatmøte for dei internasjonale Hansadagene i Grand selskapslokaler i Bergen. 

Kl. 13.30: Statsministeren deltek på eit pressetreff i samband med Hansadagene ved Håkonshallen i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.