Statsministerens program veke 24

Statsministeren møter denne veka mellom anna EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Federica Mogherini og USAs utanriksminister John Kerry.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. juni
Kl. 16.30: Statsminister Erna Solberg tek imot Irans utanriksminister Mohammad Javer Zarif til samtalar på Statsministerens kontor. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 16.00. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 14. juni
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på klima- og skogkonferansen Oslo REDD Exchange. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Kl. 11.30: Statsministeren møter Federica Mogherini, EUs høgrepresentant for utanrikssaker, i Forsvarssjefens bustad på Akershus festning. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.00.

Kort pressetilgjenge etter møtet, om lag kl. 12.15. Oppmøte for presse seinast kl. 11.45. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Onsdag 15. juni
Kl. 12.15: Statsministeren møter USAs utanriksminister John Kerry til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Ein fotopool som består av akkreditert presse frå NTB scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere på utsida i det statsministeren tek i mot utanriksministeren. Den same fotopoolen kan også jobbe inne ved starten av møtet. Dei to held pressekonferanse for akkreditert presse rett etter møtet. Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Fredag 17. juni
Kl. 14.00: Statsministeren deltek i markeringa av 200-årsjubileet til Riksrevisjonen i Operaen i Oslo. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Laurdag 18. juni
14.00: Statsministeren taler på landsmøtet til Unge Høgre på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen. 

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Onsdag 22. juni
Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Oppmøte i Riddervoldsgate 2.

Kl. 09.15: Lett servering for pressefolk. Statsministeren kjem om lag kl. 10.10.
Kl. 10.30: Statsministerens pressekonferanse startar.

Oppmøte i Riddervoldsgate 2 for pressefolk som har behov for å rigga opp utstyr frå kl. 08.30. Det er lagt til rette for tapping av lyd. Pressekonferansen vert overført på nett-tv.

Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886. For praktiske spørsmål kontakt kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.