Statsministerens program veke 25

Statsminister Erna Solberg inviterer denne veka til halvårleg oppsummerande pressekonferanse.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Laurdag 18. juni
Kl. 11.50: Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide besøkjer Haakonsvern i Bergen. Dei vert tekne i mot av Generalinspektøren for Sjøforsvaret, Lars Saunes, og skal om bord i fregatten Otto Sverdrup for orientering om sjøforsvarets aktivitet. Det er mogleg for pressen å følgje besøket.

Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkreditere seg til info@marinen.no med namn, mediehus, fødselsdato og mobiltelefonnummer.

Frammøte for pressa er ved hovudinngangen til Haakonsvern kl. 11.30.

Pressekontakt for statsministeren er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181. Pressekontakt for forsvarsministeren er underdirektør Ann Kristin Salbuvik, telefon 906 69 356. Pressekontakt for Sjøforsvaret er Per Rostad, telefon 928 47 074.

14.00: Statsministeren taler på landsmøtet til Unge Høgre på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen. 

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 21. juni
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende og klima- og miljøminister Vidar Helgesen presenterer konklusjonane i regjeringa sin rapport til FN om korleis Noreg følgjer opp berekraftsmåla. Stad: NORADs nye lokale i Bygdøy allé 2. 

Presse som ønskjer å vere til stades må akkreditere seg til kommunikasjonsenheten@mfa.no innan 21. juni kl. 09.00. Utanriksdepartementet sender ut eiga pressemelding med fleire detaljer.

Onsdag 22. juni
Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Oppmøte i Riddervoldsgate 2.

Kl. 09.15: Lett servering for pressefolk. Statsministeren kjem om lag kl. 10.10.
Kl. 10.30: Statsministerens pressekonferanse startar.

Oppmøte i Riddervoldsgate 2 for pressefolk som har behov for å rigga opp utstyr frå kl. 08.30. Det er lagt til rette for tapping av lyd. Pressekonferansen vert overført på nett-tv.

Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakter er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek på opninga av Pride Park i Spikersuppa i Oslo. Oslo Pride varer frå 17. til 26. juni.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Torsdag 23. juni
Statsministeren er i Trondheim i samband med at det er 25 år sidan signinga av kong Harald og dronning Sonja.

Kl. 12.00: Statsministeren deltek på gudsteneste i Nidarosdomen.

Kl. 15.00: Statsministeren er til stades på kongeparets hagefest i Stiftsgården.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.