Statsministerens program veke 26

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka ulike delar av landet som er hardast råka av auka arbeidsløyse. Tiltakspakka til regjeringa, mogelegheiter, omstilling og nye jobbar vil vere sentrale tema.

Statsministeren startar rundreisa i Stavanger, Flekkefjord og Kristiansand måndag. Onsdag er ho mellom anna innom Ålesund og Bergen. Statsministeren avsluttar rundreisa på Stord og i Haugesund torsdag. Fleire detaljer kjem i eiga pressemelding.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Tysdag 28. juni
Statsministeren deltek på møte i European People’s Party (EPP) i Brüssel.

Pressekontakt er statssekretær Ingvild Stub, telefon 920 14 897.

Onsdag 29. juni
Kl. 16.45: Statsministeren møter OECDs generalsekretær Ángel Gurría til samtalar på Radisson Blu Royal hotel på Bryggen i Bergen.

Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg og OECDs generalsekretær Ángel Gurría opnar Skills Summit Bergen 2016 på Radisson Blu Royal hotel i Bergen.

Torsdag 30. juni
På kvelden deltek statsministeren på jubileumsmiddag for Finnmarkseigedomen i Lakselv.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 1. juli
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på Finnmarkseigedomens (FeFo) 10-årsjubileum i Lakselv. Ho legg først ned grunnsteinen for FeFos nye administrasjonsbygg og taler deretter på jubileumskonferansen i Lakselv kultursal.

Kl. 1330: Statsministeren besøkjer Hammerfest Industriservice i Hammerfest, der ho også møter representantar for næringslivet i Vest-Finnmark.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.