Historisk arkiv

Statsministerens program veke 33

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 17. august
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg er til stades i gravferda til Inger-Wenche Solberg i Store kapell, Møllendalsveien 56B i Bergen.

Gravferda er privat og me ber om at pressa har forståing for dette. Eit avgrensa tal fotografar kan arbeide tilbaketrukke inne utan bruk av blits. Dei vil bare ha moglegheit til å fotografera under statsministerens tale, og eventuelt båra utan familie til stades. Det vil ikkje vere tilgang for video- eller tv-fotografar. Det vil ikkje vere fotomoglegheiter ved inn- og utgang.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Torsdag 18. august
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til presseseminar om økonomi og arbeidsløyse på Blom restaurant, Langbryggen 9 i Arendal.

Frukostservering frå kl. 08.30. Påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 17. august kl. 17.00.

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer Røde Kors og deltek i ei beredskapsøving ved Langbrygga 15/Røde Kors-huset i Arendal.

Kl. 13.00: Statsministeren diskuterer friviljug arbeid på tur i Arendalsområdet med representantar frå Frivillighet Norge. Stad: Kanalplassen 53 i Arendal.

Kl. 15.00: Statsministeren held Høgres partileiarappell på Kanalplassen i Arendal.

Kl. 22.15: Statsministeren deltek i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Søndag 21. august
Kl. 15.15: Statsministeren deltek i ei friluftsgudsteneste ved Stordalen fjellstove ved Masfjorden.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i ei minnemarkering for falne i Bjørn West styrkene, ved Stordalen fjellstove.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.