Historisk arkiv

Statsministerens program veke 35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 29. august
Kl. 08.50: Statsminister Erna Solberg deltek i ein høgnivådebatt om energi på ONS (Offshore Northern Seas 2016) Summit 2016 i Stavanger.

Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg deltek under opninga av ONS-konferansen i Stavanger.

Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter programslutt, om lag kl. 13.00. Ho deltek òg på lunsjen til Stavanger kommune og får omvising på utstillingsområdet til Stavanger Forum.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 30. august
Regjeringa møtast til budsjettkonferanse på Statsministerens kontor tysdag 30. og onsdag 31. august. Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen er tilgjengelege for pressa før konferansen, om lag kl. 08.50.

Presse som ønskjer å vere til stades må ta med pressekort og godkjend id. Oppmøte i Glacisgata 1 tysdag 30. august mellom kl. 08.00 og 08.30.

Det er ikkje lagt opp til meir pressetilgjenge i løpet av budsjettkonferansen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510. Pressekontakt for finansministeren er fungerande kommunikasjonssjef Martine Røiseland, telefon 970 55 024.

Torsdag 1. september
Kl. 14.00: Statsministeren deltek på Kongeparets hagefest med 1500 inviterte gjester frå alle landets fylke i Slottsparken. Sjå fleire detaljer på kongehuset.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Laurdag 3. september
Kl. 12.40: Statsministeren deltek i markeringa av 125-årsjubileet til Den Konservative Studentforeining. Stad: Universitetet i Oslo, Gamle festsal.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Søndag 4. september
Kl. 11.00: Statsministeren opnar friluftslivets veke på Friluftslivets dag på Sognsvann i Oslo. Sjå fleire detaljar om programmet på nettsida til Norsk Friluftsliv.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 15.00: Statsministeren er til stades på ishockeykampen mellom Norge og Frankrike på Jordal Amfi i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 20.45: Statsministeren er til stades på VM-kvalifiseringskampen i fotball mellom Noreg og Tyskland på Ullevaal stadion.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Akkreditering til generalforsamlinga i FN
Statsminister Erna Solberg leiar Noregs delegasjon til FNs 71. generalforsamling i New York hausten 2016. I tillegg deltek etter planen utanriksminister Børge Brende, helseminister Bent Høie og klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Opninga av generalforsamlinga vert markert med ei veke med toppmøte, frå måndag 19. september til fredag 23. september.

Media som vil dekke generalforsamlinga må ha FN-akkreditering. Meir informasjon på FN sine nettsider. Frist: 9. september.

Alle må: