Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 38

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 38, 2017.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 18. – fredag 22. september
Utanriksminister Børge Brende reiser til New York for å delta på høgnivåveka i FN. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New York (USA)

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Torsdag 21.september
EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen deltek på næringslivskonferansen Pulpit 2017. Sjå eiga pressemelding. Stad: Stavanger  

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801 

Statssekretær Marit Berger Røsland

Torsdag 21. september
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på regionalt nordområdeforum i Tromsø. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 18. – laurdag 23. september
Statssekretær Tone Skogen reiser til New York for å delta på høgnivåveka i FN. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New York (USA)  

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, telefon 917 22 022.  

Statssekretær Laila Bokhari  

Torsdag 21. og fredag 22. september
Statssekretær Laila Bokhari vitjar UWC Red Cross Nordic. Stad: Fjaler.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.