Historisk arkiv

Statsministerens program veke 40

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna ved opninga av det 161. Storting.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 3. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg deltek ved opninga av det 161. Storting.

Tysdag 4. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Onsdag 5. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Torsdag 6. oktober
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, i samband med at finansminister Siv Jensen legg fram statsbudsjettet for 2017.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Fredag 7. oktober
Kl. 08.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet på Statsministerens kontor. Temaet for møtet vil vere statsbudsjettet for 2017.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.00. Adresse: Glacisgata 1.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 10.00. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 09.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg kommenterer kunngjeringa av Nobels fredspris på Statsministerens kontor. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 frå kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Kl. 13.00: Statsministeren er til stades i gravferda til Wilhelm Mohr i Uranienborg kyrkje.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.