Statsministerens program veke 43

Statsministeren reiser denne veka mellom anna til Stavanger for å møte aktørar som jobbar med omstilling, jobbskaping og det grøne skiftet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 25. oktober
Statsministeren reiser til Stavanger saman med partileiinga i Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre for å møte aktørar som jobbar med omstilling,  jobbskaping og det grøne skiftet.

Kl. 10.30: Rosenberg WorleyParsons i Stavanger. Adresse: Bangarvågsgata 15, Hundvåg.
Kl. 12.00: Rundebordmøte om jobbskaping, omstilling og det grøne skiftet på Universitetet i Stavanger. Adresse: Kjell Arholdsgt 41, Arne Rettedals hus.
Kl. 14.00: Besøk på Stokka sjukeheim. Adresse: Lassaveien 10, Stavanger.
Kl. 15.30: Partileiarane er tilgjengelege for presse på Scandic Stavanger Airport. Adresse: Flyplassvegen 226, Sola.

Påmelding til sunniva@hoyre.no innan måndag 24. oktober kl. 12.00.

Pressekontakt for statsministeren i Stavanger er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886.

Onsdag 26. oktober
Kl 17.30: Statsministeren opnar studentinkubatoren Loftet på Høyskolen Kristiania. Loftet skal fremje entreprenørskap og innovasjon. Adresse: Kongens gate 22 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 27. oktober
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på eit frukostmøte i regi av Nansen Neuroscience Network i Forskningsparken i Oslo. Adresse: Gaustadallén 21 i Oslo.  

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 12.00: Statsministeren besøkjer ei samling for krigsseglarane på Norsk Maritimt museum på Bygdøy i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Kl. 20.00: Statsministeren deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane på Slottet.

Fredag 28. oktober
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Vidar Helgesen tek i mot forslaget til ein nasjonal strategi for grøn konkurransekraft. Forslaga vert presenterte av Connie Hedegaard og Idar Kreutzer i regjeringa sitt ekspertutval for grøn konkurransekraft.

Stad: Gamle Museet Selskapslokaler, Dronningens gate 4 i Oslo.

Påmelding for presse innan 27. oktober. Les meir om programmet og adresse for påmelding her.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 948.

Laurdag 29. oktober
Kl. 12.00: Statsministeren er til stades på Hordaland Høgres nominasjonsmøte før stortingsvalet i 2017. Statsministeren taler til møtet om lag kl. 14.30.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.