Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Søndag 30. oktober – tysdag 1. november
Utanriksminister Børge Brende er i Mosambik.  Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Maputo, Mosambik.  

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

Onsdag 2. november
Utanriksminister Børge Brende vitjar København. Han deltek på sesjonen i Nordisk råd, og møter sine nordiske kollegaer for å drøfte handels-, utviklings- og utanrikspolitikk. På dagsorden står tryggingssituasjonen i nærområda, det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet, brexit, Syria, FN sine berekraftsmål, migrasjon og klima. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: København, Danmark       

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Torsdag 3. november
Kl. 11.15: Utanriksminister Børge Brende møter elevar i høve Operasjon Dagsverk i regi av  SAIH. Stad: UD, Oslo   

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 3. – fredag 4. november
Utanriksminister Brende er i New York. Han møter mellom anna påtroppande generalsekretær i FN, António Guterres. Stad: New York (USA)  

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Måndag 31. oktober – onsdag 2. november
EØS- og EU-minister og nordisk samarbeidsminister, Elisabeth Vik Aspaker deltek på Nordisk råds sesjon i København, der ho mellom anna møter dei andre nordiske samarbeidsministrane for å diskutere europeiske spørsmål, reformer i Nordisk ministerråd og arbeidet med grensehindre. Vik Aspaker vil også vere til stades når statsminister Erna Solberg skal presentere det norske formannskapsprogrammet for det nordiske regjeringssamarbeidet i 2017. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: København, Danmark  

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Tysdag 1. november
Kl. 09.00: Statssekretær Marit Berger Røsland held innlegg på ein konferanse om anti-korrupsjon. Stad: Grand Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 2. november
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på lanseringa av Nupi sin rapport om konsekvensar av handelsavtala TTIP for Noreg. Stad: Nærings- og fiskeridepartementet, Kongens gate 8, Oslo  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 3. november
Kl. 09.00: Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på ein presentasjon av Sarinor-prosjektet (Search and Rescue in the High North). Stad: Norges Rederiforbund, Rådhusgaten 25, Oslo  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Søndag 6. – måndag 7. november
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på årets Agenda Nord-Norge konferanse.  Stad: Alta  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen  

Måndag 31. oktober – onsdag 2. november
Statssekretær Tone Skogen er i Sør-Afrika for å delta på «Science Week» og for møter med sørafrikanske styresmakter. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Pretoria og Cape Town, Sør-Afrika  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 1. november
Kl. 10.30: Statssekretær Laila Bokhari møter Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen. Stad: Flyktninghjelpen, Prinsensgate 2, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Kl. 11.00: Statssekretær Laila Bokhari møter likestillingsnettverket til bistandsorganisasjonane. Stad: Flyktninghjelpen, Prinsensgate 2, Oslo  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02  

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 31. oktober – onsdag. 2. november
Statssekretær Elsbeth Tronstad deltek på  Nordisk råds sesjon. Stad: København.  

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.