Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 9, 2015

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 23. februar og tysdag 24. februar
Utanriksministeren deltek på statsbesøk til Australia. 

Pressekontakt: Astrid Versto, 901 92 920.

Onsdag 25. februar til fredag 27. februar
Utanriksministeren vitjar USA for møter med mellom anna USAs utanriksminister John Kerry og leiaren for Det internasjonale pengefondet Christine Lagarde. Stad: Washington D.C. 

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 23. februar
Kl 12.30: Statsråd Helgesen deltar på Regjeringa sitt toppmøte om forsking og høgare utdanning. Stad: Parkveien 45.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 24. februar
Statsråd Helgesen er i London for bilaterale møter. Han skal også tale under eit arrangement i regi av British Influence. Sjå eiga pressemelding.

Pressekontakt: Astrid Sehl, 92 28 47 52 

Torsdag 26. februar
Kl. 8.30-9.30 Statsråd Helgesen deltar på frukostmøte i regi av Civita om antisemittismen i Europa. Stad: Cafe Christiania i Stortingsgata.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 27. februar
Statsråd Helgesen vitjar Berlin. Han skal mellom anna delta på Wirtschaftsrat Deutschland si konferanse "Competitive Energy Infrastructures for Europe: Strengthening the Internal Market, Security of Supply and Innovations". Helgesen skal også ha bilaterale møter, mellom anna med EU-kommissæren for digital økonomi og det digitale samfunn, Günther Oettinger.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Statssekretær Bård Glad Pedersen

Torsdag 26. februar
Kl. 13.00 Statssekretær Pedersen møter leiaren for Multinational Force and Observers (MFO), David M. Satterfield. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Hans Brattskar 

Tysdag 24. februar
Kl. 12.30 Statssekretær Brattskar møter ein delegasjon frå Etiopia om utvikling av olje, gass og biodrivstoff. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  


KL. 15.00: Statssekretær Brattskar møter generalsekretær i Digni, Jørn Lemvik. Stad: Oslo (UD) 


Onsdag 25. februar
Kl 10.00: Statssekretær Brattskar møter Partnership for Change (PfC). Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  
 

Kl. 11.30: Statssekretær Brattskar møter viseutanriksminister Nébié og likestillingsminister Oedraogo Boni frå Burkina Faso. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 


Torsdag 26. februar
Kl. 16.15: Statssekretær Brattskar møter Kaushik Basu, sjeføkonom i Verdsbanken. Stad: Oslo (UD).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 23. februar til fredag 27. februar
Statssekretær Morten Høglund vitjar Guatemala og Costa Rica. I tillegg til møter med styresmaktene i dei to landa har Høglund eit breitt program der mellom anna urfolk, menneskerettar, næringsutvikling og klima står på agendaen. 

Sjå eiga pressemelding

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.