Priv. til red.:

Statsministerens program veke 30

Denne veka deltek statsministeren på fleire arrangement som markerer treårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya. I tillegg møter ho Michel Barnier, som er kommisær for indre marknadssaker i EU.

Måndag 21. juli
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg møter Michel Barnier, som er kommisær for indre marknadssaker i EU. Dei to vil drøfte forholdet mellom Noreg og EU, utviklinga av den indre marknaden og aktuelle EU- og EØS-saker på finansmarknadsområdet.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 10.40.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 22. juli
Statsminister Erna Solberg deltek på fleire arrangement som markerer treårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya. Sjå eiga pressemelding med programmet for dagen.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.