Historisk arkiv

Vekst i veksthus-løyvingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil styrkje utviklingsmiljøet for bedrifter utanfor dei mest sentrale delane av landet. Derfor aukar ho satsinga på næringshagar og veksthus for nyetablerarar med til saman seks millionar kroner over statsbudsjettet for neste år.

Pressemelding

Nr.: 158/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Vekst i veksthus-løyvingane

Regjeringa vil styrkje utviklingsmiljøet for bedrifter utanfor dei mest sentrale delane av landet. Derfor aukar ho satsinga på næringshagar og veksthus for nyetablerarar med til saman seks millionar kroner over statsbudsjettet for neste år.

- Regjeringa ønskjer å medverke til eit konkurransedyktig næringsliv og regional verdiskaping i alle delar av landet. Å styrkje miljøa rundt enkeltbedrifter blir da ein viktig og prioritert strategi. Satsinga på næringshagar og veksthus (inkubatorar) har vore svært vellykka, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

- Regjeringa aukar løyvinga til næringshagar med fire millionar kroner. Med statsføretaket SIVA som partnar er det på drygt to år etablert 23 næringshagar med til saman rundt 300 bedrifter. Dei fleste næringshagane er å finne i Distrikts-Noreg. I ein næringshage er ulike kunnskapsintensive småbedrifter samlokaliserte for å kunne lære av kvarandre og utvikle kvarandre med sikte på betre lønnsemd og større trivsel. Næringshagane tilbyr ein fellesskap som gjev høve til å utvikle eit godt fysisk og sosialt miljø. Dei fleste bedriftene i næringshagane driv forretningsmessig tenesteyting av ulike slag, medan om lag 20 prosent av bedriftene driv innanfor IT. Næringshagane ser ut til å vere ein næringskultur som appellerer til kvinner og menn med god kompetanse, seier kommunnal- og regionalminister Brustad.

Regjeringa aukar òg løyvingane til SIVA-programmet for tilrettelegging av ”oppvekstmiljø” for nystarta bedrifter (såkalla inkubatorar) med to millionar kroner. Desse ”veksthusa” tilbyr ein infrastruktur som er lagd til rette for entreprernørar i forskingsparkar, kunnskapsparkar og andre kompetansemiljø. Her får små bedrifter tilgang på kompetanse, rettleiing og nettverk i oppstartsfasen. Konseptet har vist seg å gi gode resultat når det gjeld nyskaping og etablering av nye bedrifter.