Historisk arkiv

Vel ein million til nynorsk i kommunereformen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) får i 2015 1,1 million kroner i tilskot. – Pengane skal brukast til å gje råd til kommunane om å ta vare på nynorsk språk i kommunereforma, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Ein samla kommunal- og forvaltningskomité på Stortinget var ved handsaminga av kommunereforma opptekne av at nynorsk ikkje må bli skadelidande som følgje av reforma.

Regjeringa gir difor 1,1, million kroner i tilskot til LNK. Dei skal gje råd til kommunane om korleis nynorsk kan styrkast i kommunar både med og utan nynorsk som målform.

Departementet har laga ei rettleiing med råd og tips til kommunane i reformprosessen. Der står det at det er viktig at kommunane kartlegg kva for følgjer ei samanslåing vil få for mellom anna det nynorske språket.

- Det er kommunane sjølve som avgjer kva målform som skal brukast i kommunen. Eg legg til grunn at kommunane vurderer dette spørsmålet og finn gode løysingar på språkutfordringane når dei gjennomfører dei lokale prosessane, seier statsråden.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00