Historisk arkiv

Velkommen til den nasjonale integreringskonferansen 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Måndag 14. september inviterer regjeringa ved kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby til integreringskonferanse for sjuande gong. Årets konferanse er digital. På konferansen i år vil også dei nasjonale vinnarane av Mangfaldsprisen 2020 bli kåra. Statsminister Erna Solberg opnar konferansen.

Under konferansen vil det også bli klart kven som blir gull-, sølv- og bronsevinnar av den nasjonale Mangfaldsprisen 2019. I tillegg vil ein av dei to gullvinnarane få ein nasjonal heiderspris. Mangfaldsprisen går til små- og mellomstore bedrifter som har mål om meir mangfald, og betre bruk av kompetansen til innvandrarar i det norske arbeidslivet.

Den nasjonale integreringskonferansen er ein viktig del av arbeidet til regjeringa på integreringsfeltet, og blir i år arrangert for sjuande gong.

Program måndag 14. september : https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/program-for-integreringskonferansen-2020/id2724274/

Du kan følgje konferansen på www.regjeringen.no/kd

Kontakt: Journalistar som ønskjer å intervjue statsråden i etterkant  må kontakte kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på mobil 95936485