Vellukka fjellandbrukssatsing i Nord-Trøndelag

Fjellandbrukssatsinga er inne i sitt siste prosjektår. Gjennom denne treårige satsinga har fylkesmennene i Trøndelagsfylka, Hedmark og Oppland fått sett inn ekstra innsats for å stimulera til utvikling i fjellandbruksområda. I Nord-Trøndelag er det kommunane Namsskogan, Røyrvik og Lierne i Indre Namdal og Meråker som er fjellandbrukskommunane.

Målet med satsinga her har vore å auka verdiskapinga i regionen med 10 prosent over fem år. Ein skal auke  mjølkeproduksjonen med 1 million liter og kjøtproduksjonen med 100 tonn.

Fjellbeite i Budal.
Fjellbeite i Budal. Foto: Fylkesmannen i Nord-Trøndelag