Vellukka strategi mot antibiotikaresistens

Noreg sin strategi for å hindre spreiing av antibiotikaresistente bakterier i norsk landbruks- og matproduksjon har vore vellukka.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale innleia i dag på eit seminar om antibiotikaresistens i regi av Veterinærinstituttet. Noreg sin strategi for å hindre spreiing av antibiotikaresistente bakterier i norsk landbruks- og matproduksjon har vore vellukka.

Statsråden understreka betydinga av det omfattende samarbeidet og den store innsatsen frå norske bønder, næringa, forvaltninga og forskningsmiljøa.

- Det er bra at vi makter å halde resistensproblemet på eit lågt nivå i vårt eige land, men eg er svært bekymra for den globale utviklinga. Andre land i Europa nyttar til dømes 50 gonger meir antibiotika per kilo kjøt enn Noreg.  Det er ein klår samanheng mellom høgt forbruk av antibiotika og førekomsten av resistens, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

Redusert og riktigare bruk av antibiotika

Statsråden viste også til dei overordna måla i Regjeringa sin strategi på dette området. Måla er redusert og riktigare bruk av antibiotika, auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens, og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotikum og vaksinar. 

Regjeringen har fastsatt sektorspesifikke mål som mellom anna å redusere bruken av antibiotika til menneske med 30 prosent, til matproduserande landdyr med minst 10 prosent og til kjæledyr med minst 30 prosent samanlikna med forbruket i 2013. Noreg har ei svært ambisiøs målsetting om å hindre at antibiotikaresistente bakterier får fotfeste i norsk husdyrhold. 

-I mars i år vedtok eg ein handlingsplan for Landbruks- og matdepartementet sin sektor, med tiltak som skal bidra til at vi klarer å nå desse måla, seier Jon Georg Dale.  

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale på omvisning på smittelaboratoriet hjå Veterinærinstituttet. Foto: Eivind Røhne, www.beyondtheice.no