Historisk arkiv

Verdsarvsentre autorisert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har i dag autorisert tre av dei norske verdsarvsområda som verdsarvsenter. Dei skal vere besøkssenter for alle som ønskjer informasjon om verdsarvkonvensjonen og aktivitetar knytte til verdsarven. Dei tre det gjeld er Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap ved Geirangerfjorden og Vegaøyan.

Formålet med autoriseringa er å sikre at senteret oppfyller visse krav, mellom anna til kvalitet på informasjonen og vegleiinga det gir.

 -  Eg er stolt av å kunne autorisere dei tre første norske verdsarvsentera. Dette er ein viktig merkedag i arbeidet med å følgje opp verdensarvpolitikken, seier klima- og miljøminister Tine Suntoft.

Statusen som verdsarvsenter skal sikre at dei besøkande og lokalbefolkninga får god informasjon om kva verdsarven står for, og kor viktig den er, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Sentera skal også bidra til å styrke den lokale forankringa av verdsarven.

-  Verdsarvsentera skal vere motorar i arbeidet med å forankre verdsarven i lokalbefolkninga, i tråd med forpliktingane i verdsarvkonvensjonen, understrekar Sundtoft.

Verdsarvsentera er etablerte og autoriserte i eit forpliktande samarbeid med dei lokale og regionale styresmaktene.

 - Eg gratulerer Bergkunsten i Alta, Vestnorsk fjordlandskap ved Geirangerfjorden og Vegaøyan som dei første verdsarvsentera her til lands, og ønskjer lykke til i arbeidet, seier Suntoft.

Autorisasjonen gjeld for fem år av gongen med moglegheit for å bli reautorisert dersom alle vilkåra er oppfylte. Klima- og miljødepartementet løyver pengar til den daglege drifta, utstillingar og natur- og kulturminnevegleiing. Geirangerfjorden og Alta får 1,2 millionar kroner for drift i perioden mai til desember. Som følgje av at dei ikkje har full verksemd i år, søkte Vegaøyan berre om 850 200 kroner og har fått tilsegn om det. I tillegg gir departementet i år også pengar til å utvikle utstillingar om verdsarven, om lag 500 000 kroner til kvart senter. Autorisasjonsordninga er basert på ordninga som gjeld for naturinformasjonssentera.

Klima- og miljødepartementet finansierer i tillegg ei basisutstilling om verdsarven som skal inngå i alle verdsarvsentera.

Stortingsmeldinga om kulturminnepolitikken som kom i 2013, har ambisiøse mål for korleis Noreg skal følgje opp verdsarvpolitikken. Mellom anna er det eit mål å etablere senter for verdsarven ved alle dei norske verdsarvområda.

Klima- og miljødepartementet har bidratt med etableringsstøtte til dei tre verdsarvsentera som nå blir autoriserte. Departementet vil utarbeide ein plan for å etablere verdensarvsenter ved dei andre norske verdsarvområda.