Historisk arkiv

Vernar gøymestaden til småfisken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Dvergålegras er truga av utrydding i Noreg. Arten er ein del av gøymestaden til småfisken, og regjeringa har valt å gjere dvergålegras til ein ny prioritert art etter naturmangfaldlova. Prioriteringa betyr at dvergålegras får eit strengt vern.

- Dvergålegras fungerer som ein luftfriskar i havet. Det fangar opp forureining og omdannar dette til friskt og grønt plantemateriale. Å rydde opp i forureining kan koste millionar. Enger med ålegras reinskar vatnet gratis, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Gøymestad og bølgjebrytar

Dvergålegras er ikkje ein grasplante, slik namnet tyder på, men ein liten blomsterplante som lever i sjøen. Ålegrasfamilien, som består av dvergålegras, smalålegras og vanleg ålegras, dannar små undersjøiske enger. Dette er eit viktig leveområde for reker, krepsdyr, skjel og småfisk og kysttorsk.

- Enger med ålegras er ein fin gøymestad for småfisk og sjødyr. Dei får ein betre sjanse til å vekse opp når dei kan gøyme seg for større fisk. Dvergålegras medverkar til at strandkanten er full av liv og blir som ein undersjøisk oase. Det kan både fisk og folk glede seg over, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I tillegg fungerer enger med ålegras som bølgjedemparar og gjer at det blir mindre erosjon langs strendene. Med klimaendringar og meir ekstremvêr vil dette bli endå viktigare i framtida, og enger med ålegras kan gjere øydeleggingane mindre.

Prioritering verkar

Prioritering av dvergålegras inneber at planten blir strengt verna, og samtidig gjer dette situasjonen meir føreseieleg for alle som kjem i kontakt med denne planten. 

-Dvergålegraset som veks langs norskekysten er sterkt truga. Eit spesielt vern vil vere med på å skape ei meir positiv utvikling for planten. Erfaringane så langt viser at prioritering inneber at mange blir meir merksame på arten, og at folk gjennom aktivitetar og tiltak tar større omsyn til denne planten, seier Sundtoft.

Dvergålegras er truga av utbygging, mudring og utfylling. Det er berre 13 kjende område med dvergålegras som er intakte i dag, og dei finn vi i Oslofjorden, Rogaland og Sunnhordland.

Forskrift

Kongelig resolusjon

Fakta – Prioriterte artar

  • Naturmangfaldlova opnar for gjennom forskrift å gi truga artar eit særskilt vern ved at dei får status som prioriterte artar
  • For nokre artar som lever på land blir det også gitt føresegner om leveområde for arten, såkalla økologiske funksjonsområde
  • For alle prioriterte artar blir det utarbeidd ein handlingsplan
  • Det er no ti artar som har status som prioriterte. I tillegg til dvergålegras er det artane:
  • Pattedyr: Fjellrev
  • Fuglar: Dverggås og svarthalespove. For svarthalespove gjeld ikkje vernet underarten som lever på Jæren
  • Plantar: Dragehovud, honningblom og raud skogfrue
  • Insekt: Elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge

Dvergålegras blir prioritert art (Miljødirektoratet)

Handlingsplan for dvergålegras (DN-rapport 1-2010)

Dvergålegras (Zoztera noltei), Foto: Anders Lundberg
Dvergålegras (Zoztera noltei), Foto: Anders Lundberg