Historisk arkiv

Vernar verdifull natur ved Saltfjellet-Svartisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har utvida Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark, oppretta Nattmoråga landskapsvernområde og gjort viktige endringar i andre verneområde ved Saltfjellet-Svartisen.

– Med denne verneplanen tek vi vare på store og viktige naturområde som er utan tyngre tekniske inngrep. Fleire av delområda har lenge vore aktuelle for vasskraftutbygging. No blir mykje av denne vassdragsnaturen verna, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

En grønn elv i et fjellandskap
Glomdalen med Glomåga. Foto: Kristian Sivertsen

Planen omfattar åtte verneområde, som har ulike verneverdiar, verneformål og vernereglar. Vernet blir avgrensa slik at det ikkje er til hinder for utbygging av fornybar kraft i Ytre og Indre Stelåga. Dette vil i så fall bli avgjort ved konsesjonsbehandling.  Verna areal vil med verneplanen samla sett auke med 84,6 km2 til 2862 km2.

– Med desse endringane tek vi vare på meir av samanhengande, verdifulle økosystem i regionen, og som er viktige for både friluftsliv og samisk bruk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Viktige verneverdiar

Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark med omkringliggjande verneområde er frå før av eit av Noregs største verna område, og har variert natur frå fjord til fjell og frå kyst til innland. Alle dei eksisterande verneområda får nye verneforskrifter, og fire av dei får nye vernegrenser. For naturreservata Dypen, Fisktjønna og Semska-Stødi er berre verneforskriftene nye, vernegrensene blir som før. I alle verneområda kan ein framleis fiske, jakte gå på tur og plukke bær. Samisk bruk av områda kan halde fram.

– Bevaring av det samiske naturgrunnlaget blir ein viktig del av verneformålet i alle områda. Dei to største verneområda skal også sikre betre ivaretaking av fjellrevens leveområde, seier Rotevatn.

Nokre av dei viktigaste endringane:

 

Nattmoråga landskapsvernområde

En fjellside med en foss  som renner ned i et vann
Nattmoråga landskapsvernområde. Foto: Kristian Sivertsen

Vern av nye Nattmoråga landskapsvernområde vil saman med utviding av nasjonalparken i sør sikre bevaring av unikt landskap frå fjord og lågland til fjell og heilt opp til isbre. Elva Nattmoråga renn frå nasjonalparken i nord og avsluttar med eit imponerande fossefall i ned fjorden. Området har stor opplevingsverdi, store topografiske endringar over korte avstandar og rik vegetasjon.

Glomdalen og heile Austerdalsisen blir del av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark

Vern av områda i Glomdalen og ved nedre del av Austerdalsisen sikrar eit særeige og vakkert landskap og eit viktig bremiljø i utkanten av Svartisen. Her er spesielle biotopar der Austerdalsisen har trekt seg tilbake. Sandpyramidar og pågåande erosjonsprosessar gir eit unikt innblikk i korleis landskap oppstår. Området har viktige verneverdiar som naturhistorisk dokument og som referanseområde for å følgje utviklinga i naturen over tid. Glomdalen er svært viktig for friluftslivet. Dette er den delen av Nord-Europa der det er flest grotter og karstførekomstar, som til dømes det kjente Marmorslottet.

En stri elv renner forbi steiner som ligner marmor
Marmorslottet. Foto: Kristian Sivertsen

Storlia naturreservat og elvene Tespa og Bjøllåga blir del av nasjonalparken

En stor fjellvidde med en elv
Bjøllådalen med elva Bjøllåga i Saltfjellet-Svartisen Nasjonalpark Foto: Kristian Sivertsen

Storlia naturreservat blir innlemma i Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Dette vil forenkle forvaltninga av verneområdet. Ved Storlia naturreservat ligg elvane Tespa og Bjøllåga, som i mange år var aktuelle for vasskraftutbygging. Dei to dalane elvene ligg i er større intakte økosystem med stor økologisk verdi og urørt preg. Områda har tronge gjel og fleire store fossar, blant anna Tespfossen. I nedre del av Tespa er ei bekkekløft vurdert som "svært viktig". Det å sikre vassføringa her er avgjerande for ivaretaking av naturtypen og for arter som har denne som sitt einaste eller viktigaste leveområde.

 

Blakkådalen naturreservat blir utvida

Blakkådalen naturreservat dekker frå før om lag 3,2 km2 og aukar no til heile 22,3 km2. Vernet sikrar bevaring av skog med sjeldne vegetasjonstypar og sårbare artar. Arealet dekker noko av vernebehovet for kalkrike nordboreale bjørkeskogar. Blakkådalen vil vere eit viktig referanseområde for å følgje klimaendringane si påverking på utviklinga i naturen, særleg endringar i samansetjinga av treslag og endra skoggrense.

 

Endringar i Saltfjellet landskapsvernområde

I Saltfjellet landskapsvernområde blir vern av 12,6 km2 oppheva slik at jernbane, E6, hytter, hus, massetak, polarsirkelsenteret og andre inngrep vil bli liggjande utanfor verneområdet. Dette vil forenkle drift, vedlikehald og utbetring av bygg og viktig infrastruktur. Endringa bidrar òg til eit klarare skilje mellom det som er verna som landskapsvernområde og anna areal. Både kommunane og mange miljø – og friluftsorganisasjonar støttar forslaget til grenseendring her.

Betre ivaretaking av fjellrev

En fjellrev sitter på bakken
Fjellrev ved Saltfjellet Foto: Vegar Pedersen/SNO

Den norske fjellreven er kritisk truga. Fjellreven har frå før av status som prioritert art, men dette sikrar ikkje bevaring av område som har viktige økologiske funksjonar for fjellreven. Saltfjellet er eit av dei viktigaste økologiske funksjonsområda for fjellrev i Skandinavia, og heng saman med eit viktig område for bestanden i Vindelfällen på svensk side. For å betre tilstanden til arten blir bevaring av fjellrevens økologiske funksjonsområde ein del av verneformålet i Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Vidare får Saltfjellet landskapsvernområde biotopvern for fjellrev. Begge endringar betyr at forvaltningsmyndigheita må leggje meir vekt på ivaretaking av fjellrevens økologiske funksjonsområde i forvaltninga av områda og at det er mogleg å regulere ferdselen av omsyn til fjellrev. I landskapsvernområdet blir det no også krav om løyve til organisert ferdsel og ferdsel som ikkje skjer til fots dersom dette kan forstyrre fjellreven.

 

Vern bidrar til å nå nasjonale og internasjonale mål

Vernevedtaket vil bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar
  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast. Vernevedtaket vil også bidra til å nå internasjonale mål, blant anna FNs bærekraftsmål og mål under FN-konvensjonen om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald.

 

Vedtak, verneforskrifter og kart

 

Kongelig resolusjon Saltfjellet-Svartisen Nasjonalpark

Forskrifter Saltfjellet-Svartisen Nasjonalpark

Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark - vernekart.pdf

Blakkådalen naturreservat - vernekart.pdf

Dypen naturreservat - vernekart.pdf

Fisktjønna naturreservat - vernekart.pdf

Gåsvatnan landskapvernområde - vernekart.pdf

Nattmoråga landskapsvernområde - vernekart.pdf

Saltfjelelt landskapsvernområde - vernekart.pdf