Historisk arkiv

Verneplan for våtmarkar i Nordland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

19. desember 1997

Verneplan for våtmarkar i Nordland

Regjeringa har i statsråd i dag vedtatt vern av 23 våtmarksområder i Nordland. Av dei er 21 naturreservat, eitt reservat med tilgrensa fuglefredingsområde og eitt landskapsvernområde kombinert med fuglelivsfreding. Av det samla areal på ca. 111,3 km 2>, er ca 81,4 km 2> landareal. Planen omfattar i alt 18 kommunar.

Føremålet med vernet er å sikre dei mest verdfulle våtmarksområda som er att, og som er viktig for fuglelivet i Nordland spesielt i trekktida, som overvintringsplassar og for hekkande våtmarksfugl. Fleire lokalitetar har nasjonal verneverdi.

Fylkesmannen i Nordland sendte utkast til verneplanen på lokal høring i 1985 og Direktoratet for naturforvaltning sendte den på sentral høring i 1986. På grunn av at saka er svært samansett, med mange interessentar, har høringane og avklaringa tatt svært lang tid. I åtte av dei områda som det er gjort framlegg om å verne, er det framleis nødvendig med avklaring med andre brukerinteresser. Vern av desse områder er derfor førebels utsett:

  • Åholmen, Andøy kommune
  • Risøysundet, Andøy kommune
  • Grunnfjorden, Øksnes kommune
  • Vikosen og Vik, Sortland kommune
  • Skansøyra, Saltdal kommune
  • Engasjyen, Rana kommune
  • Drevjaleira, Vefsn kommune
  • Holandsosen, Vega kommune

I dei verna områda er i grove trekk vegetasjon og dyreliv freda, men med opning for jakt på hjortevilt. Det kan dessutan bli gitt løyve til felling av vilt som gjer vesentleg skade. Det blir lov å fiske. Plantefelt skal kunne hoggast. På frosen, snødekt mark kan nødvendig bruk av motorkjøretøy nyttast i samband med lovleg reindrift. Vidare vil tradisjonelt utmarksbeite og utmarksslått være lov i alle verneområda. Føreskriftene er dessutan fleire stader tilpassa dei einskilde lokalitetane.

Styremaktene kan utarbeide forvaltningsplanar med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltak i områda.

Følgjande områder er verna i medhald av naturvernlova:

  • Nr. 1 Straume naturreservat, Bø kommune
  • Nr. 2 Selnesvatnet naturreservat, Sortland kommune
  • Nr. 3 Lågen naturreservat og Grunnfør fuglefredingsområde, Hadsel kommune.
  • Nr. 4 Røstlandet naturreservat, Røst kommune.
  • Nr. 5 Sommervatnet naturreservat, Evenes kommune
  • Nr. 6 Nautå naturreservat, Evenes kommune
  • Nr. 7 Kjerkvatnet naturreservat, Evenes kommune
  • Nr. 8 Grunnvatnet naturreservat, Ballangen kommune
  • Nr. 9 Lilandsvatnet naturreservat, Hamarøy kommune
  • Nr.10 Steinslandsvatnet naturreservat, Hamarøy kommune
  • Nr.11 Seinesodden naturreservat, Bodø kommune
  • Nr.12 Straumøya naturreservat, Bodø kommune
  • Nr.13 Loddvatnet naturreservat, Skjerstad kommune
  • Nr.14 Fiskvågvatnet naturreservat, Saltdal kommune
  • Nr.15 Småvatnan naturreservat, Meløy kommune
  • Nr.16 Glomådeltaet landskapsvernområde med fuglelivsfredning, Rana kommune
  • Nr.17 Spjeltfjelldalen naturreservat, Hemnes kommune
  • Nr.18 Salvatnet naturreservat, Herøy kommune
  • Nr.19 Ostjønna naturreservat, Alstahaug kommune
  • Nr.20 Kjellerhaugvatnet naturreservat, Vega kommune
  • Nr.21 Bøpøla naturreservat, Sømna kommune
  • Nr.22 Gjerdevatnet naturreservat, Sømna kommune
  • Nr.23 Fisklausvatnet naturreservat, Grane kommune

Samtidig er det midlertidige vernet av 11.06.80 av lokalitet nr. 20. Kjellerhaugvatnet oppheva.

Når det gjeld andre planprosessar i Nordland, kan ein nemne at kystverneplanen nå er på sentral høring. I denne planen er det gjort framlegg om vern av områder etter naturvernloven på bakgrunn av ei heilskapleg vurdering av verneverdiar i kystsonen. Sluttbehandling av kystverneplanen og kystsoneplanen, som vert arbeid ut i medhald av plan- og bygningslova, vil bli samordna i Miljøverndepartementet.

Fylkesmannen i Nordland vil ha ansvar for forvaltninga for områda og kan gi nærare informasjon om verneplanen på tlf: 75 53 15 00.

Lagt inn 30. desember 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen