Historisk arkiv

Verner myr i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Kongen i statsråd har i dag vedteke vern av 20 verdifulle myrområde i Sogn og Fjordane. Noreg har uvanleg stor variasjon i myrtypar, og det gir oss eit særleg ansvar for å sikre denne naturtypen. (18.06.04)

Pressemelding

Dato: 18.06.04

Verner myr i Sogn og Fjordane

Tjønnane i StrynKongen i statsråd har i dag vedteke vern av 20 verdifulle myrområde i Sogn og Fjordane. - Noreg har uvanleg stor variasjon i myrtypar, og det gir oss eit særleg ansvar for å sikre denne naturtypen, seier Børge Brende.

I Tjønnane i Stryn møtest myrtypar frå kyst og innland. Her står vaksne furutre på terrengdekkjande myr.Foto: Johannes Anonby, Fylkesmannen i Sogn- og Fjordane

Verneplana for myr i Sogn og Fjordane er ei av i alt 16 fylkesvise verneplanar for myr i Noreg. Vernet som er vedteke i dag omfattar 20 område med eit samla areal på 25,8 kvadratkilometer.

- Myrane har ein viktig funksjon i vassreguleringa, og utgjer ein viktig del av landskapet vårt. Myrane er også arkiv som kan fortelje mykje om klima, vegetasjonsutvikling og kulturhistorie etter siste istid. Derfor er det viktig å ta vare på denne naturtypen, seier Brende.

SivblomSivblom er ein vanleg art. Likevel er det få som kjenner denne særmerkte planten, då den veks der folk flest ikkje ferdast, der myrtorva er på det blautaste. Foto: Johannes Anonby, Fylkesmannen i Sogn- og Fjordane

Nedbørsmyrar, som berre får næring frå nedbør, er unike økosystem som krev særleg tilpassing hos planter og dyr for å kunne leve i det næringsfattige miljøet. Mosen har sitt eldorado på myrane, og ein stor del av torvmosen i verda finst her i landet. Til saman har Noreg over 1000 kjente moseartar, meir enn noko anna europeisk land. Nokre myrar, særleg rikmyrar, som får næringstilførsel frå sig eller grunnvatn, har også sjeldne og trua artar av karplanter.

Myr finst berre i kjølege og nedbørrike område i verda. I Noreg er derfor denne naturtypen i utgangspunktet ganske vanleg. Drenering, dyrking og torvutvinning dei siste 100 åra har likevel ført til at mange myrtypar har vorte sjeldne eller ikkje lenger finst i opphavleg form. Utfylling og tørrlegging ved utbygging har også lagt beslag på mange område som tidlegare var myr.

Dei 20 myrområda som no er verna er:

Sætremyrane

Hornindal

Prestestøylen

Stryn

Tjønnane

Stryn

Tvinna

Stryn

Kloppemyrane

Gloppen

Storemyra

Bremanger

Eldedalen

Bremanger

Sandvikseidet

Selje

Dekkjene

Selje

Movatna

Vågsøy 

Eikevolltjønnmyra

Flora

Tuemyra

Flora og Naustdal

Kleppsstølsvatnet

Naustdal

Myklebustdalen

Jølster

Gjerlandsøyane

Førde

Svarteliåsmyra

Gaular

Sørebømyrane

Fjaler

Lona

Fjaler

Grima

Gulen

Yngsdalen

Luster

Kongeleg resolusjon til verneplan for myr i Sogn og Fjordane fylke (pdf)

Meir informasjon:

Faktaark (pdf)

Oversiktskart (pdf)

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Eli Moen, tlf. 22 24 58 70
Rådgivar Anita Myrmæl, tlf. 22 24 58 97

Myrplan Sogn og Fjordane

Til toppen