Historisk arkiv

Verner om dyrehelse og trygg mat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Handtering av skrantesjuke og antibiotikaresistens var på dagsordenen då statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal frå Landbruks- og matdepartementet besøkte Veterinærinstituttet i dag.

– Vi må alltid vere klare til å møte nye helsetruslar. Difor er det godt å sjå at instituttet bidrar til eit solid vern om den gode helsestatusen for dyr i Noreg og om trygg mat i landet vårt, seier Blåfjelldal.

VI
I laboratorium og på obduksjonssal på Adamstuen i Oslo fekk Hanne Maren Blåfjelldal sjå korleis mangeårig arbeid med overvaking, diagnostikk og forsking bidrar til helseberedskap og trygg mat i Noreg. Foto: Shane Colvin/Veterinærinstituttet

Det eg har sett i dag understrekar kor viktig kompetansen og beredskapen til Veterinærinstituttet er for dyrehelsa og matproduksjonen i Noreg, fortset Blåfjelldal.