Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

225 millionar kroner meir til Vestfold neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 225 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 225 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0701 Horten

19,8

0702 Holmestrand

7,3

0704 Tønsberg

38,0

0706 Sandefjord

37,3

0709 Larvik

32,8

0711 Svelvik

5,4

0713 Sande

7,7

0714 Hof

2,8

0716 Re

6,6

0719 Andebu

4,7

0720 Stokke

9,4

0722 Nøtterøy

13,6

0723 Tjøme

3,9

0728 Lardal

2,1

Vestfold

191,4

   

Vestfold fylkeskommune

33,6


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.