Presseinformasjon

EØS/EU-minister Vidar Helgesen til Hellas 4. og 5. august

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

EØS/EU-minister Vidar Helgesen reiser til Hellas 4. og 5. august. I Aten skal han ha politiske samtalar med fleire regjeringsmedlemar og den greske sentralbanksjefen.

Hovudtema er migrasjon og EØS-midlane, samt den økonomiske situasjonen i Hellas. Statsråden skal også besøke Lesvos, der det norsk-finansierte mottakssenteret er planlagt. Han besøker redningsskøyta «Peter Henry von Koss» som deltar i «Operasjon Poseidon» og skal ha samtalar med den norske styrkesjefen.

Tysdag 4. august - Aten

  • Kl. 13: Arbeidslunsj med Tasia Christodoulopoulou, minister for migrasjon.
  • Kl. 15: Møte med finansminister Eucleid Tsakalotos, i finansdepartementet, Nikis 5-7.
  • Kl. 16: Møte med økonomiminister George Stathakis, i økonomidepartementet, Nikis 5-7.
  • Kl. 17: Møte med sentralbanksjef Yiannis Stournaras, i Bank of Greece, 21 E. Venizelos Avenue.

Onsdag 5. august - Lesvos

Helgesen skal besøke staden der mottakssenteret er planlagt og ha møte med lokale greske styresmakter. Han skal også besøke det norske fartøyet «RS Peter Henry von Koss», som deltar i Poseidon-operasjonen, og møte styrkesjef Terje Klevengen frå Kripos.

Bakgrunn om asylsenteret og dei norske EØS-midlane

Hellas og Noreg vart i vår samde om å bruke EØS-midlar for å drive eit mottakssenter på øya Lesvos, som ledd i den forsterka innsatsen i Middelhavet og for å bidra til å auke den greske kapasiteten til å ta imot migrantar. Det er sett av om lag 13,5 millionar kroner (1,6 millioner euro) til å finansiere den daglege drifta av senteret på Lesvos i eitt år framover. Senteret skal etter planen opne seinare i år. Noreg forlenga samstundes støtta til eit tilsvarande mottakssenter nordaust i Hellas (Fylakio, nær grensa til Tyrkia) med eitt år, fram til 2017. Pengane kjem frå det eksisterende asylprogrammet Noreg finansierer i Hellas. Med ei ramme på 20,9 millionar euro i denne finansieringsperioden støttar vi mellom anna drifta av fleire mottakssenter, samt oppbygging og drift av den nye asylforvaltingstenesta i Hellas. Det er UDI og greske styresmakter som samarbeider om gjennomføringa av asylprogrammet.

Fakta om «Operasjon Poseidon»

Regjeringa bestemte i juni å tilby ytterlegare bidrag til Frontex etter at Redningsselskapet stilte redningsskøyta «Peter Henry von Koss» til rådvelde. Den 25. juni 2015 underteikna Justisdepartementet ein avtale med Redningsselskapet om deltaking fram til 20. desember 2015. Fartøyet vil vere med i Poseidon-operasjon i Hellas, der tilsaman 14 europeiske land bidrar med personell og utstyr. Fleire internasjonale organisasjonar er også involvert. Operasjon Poseidon blir leia av Hellas og er ein Frontex EU-/Schengen yttergrenseoperasjon. Noreg bistår også i Frontex Operasjon Triton i Italia, med skipet «Siem Pilot».

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, 957 85 536.