Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

– Vi treng fleire menn i helse- og omsorgssektoren

– Heile 85 prosent av oss jobbar i eit yrke som anten er dominert av kvinner eller menn. Skal vi endre den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, treng vi også fleire menn i en av våre største sektorar, nemlig helse- og omsorgssektoren, seier statssekretær Gunhild Berge Stang.

I dag mottek Kulturdepartementet ein ny rapport som gir kunnskap om kva som gjer at menn i så liten grad vel å gå inn i helse- og omsorgssektoren, og om kva tiltak som kan settast i verk for å auke andelen gutar og menn i denne sektoren. Det er Proba som står bak rapporten, som Bufdir har bestilt på vegne av Kulturdepartementet.

– Vi jobbar no med ein strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad. Målet vårt er enkelt: vi treng fleire menn i kvinnedominerte yrke og fleire kvinner inn i mannsdominerte yrke. Fleire menn i helse- og omsorgssektoren er eit av innsatsområda. Både fordi helsefag er den største utdanningskategorien vi har, men også fordi det er stor kjønnsubalanse innafor desse utdanningane. På sjukepleiarutdanninga, som er den største innan helsefag, er berre 15 prosent av studentane menn, seier statssekretæren.

Vi treng ein meir fleksibel arbeidsmarknad framover

Framover er vi avhengig av ein meir fleksibel arbeidsmarknad. Dagens kjønnsdelte arbeidsmarknad er ei avgrensing for den einskilde og for samfunnet.

Behovet for arbeidskraft er ein viktig dimensjon, kanskje den viktigaste, når regjeringa ønsker å endre utdanningsvala til dei unge. Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå av arbeidskraftbehovet i helse- og omsorgssektoren viser at behovet vil auke som følge av den demografiske utviklinga, og det vil vere behov for 415 000 årsverk i 2035. Kvar fjerde nye sysselsette vil med det måtte kome inn i sektoren fram til 2035, gitt desse føresetnadane. 

Menn i sjukepleieutdanninga er positive

Rapporten trekk blant anna fram at mange av dei unge gutane i undersøkinga oppfattar helse- og omsorgssektoren som ein kvinnesektor. Omlag halvparten av dei spurte gutane i ungdomsskulen og vidaregåande skule meiner at sjukepleiar er eit yrke som er best eigna  for kvinner. 60% av gutane svarar at utdanning i helsefag ikkje interesser dei.

– Å få innsikt i korleis unge gutar vurderer helse- og omsorgssektoren er ny kunnskap og viktige innspel i arbeidet for å rekruttere fleire til sektoren. Dette viser at vi fortsatt har utfordringar med å vise at helse- og omsorgssektoren også er noe som passar for guter.

– Eg vil trekke fram at menn som faktisk er i sjukepleieutdanning er positive, dei synast arbeidet er fagleg spennande. Då har vi eit godt utgangspunkt. Noreg treng fleire menn i helse- og omsorgssektoren!, seier Berge Stang.

Les meir om rapporten og resultata hos Bufdir 

Til toppen