Historisk arkiv

Vidar Helgesen i klimasamtalar i Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen besøkjer Brussel 3. og 4. mars mellom anna for samtalar med klima- og energikommissær Miguel Arias Cañete.

-Noreg sitt klimamål for 2030 skal skje i samarbeid med EU. Difor er det svært viktig med tett dialog med dei sentrale personane i Europaparlamentet og Kommisjonen. Noreg ynskjer ein avtale som er ambisiøs og gir mest mogleg kutt i klimagassutsleppa for pengane, seier Helgesen.

Han har eit omfattande program dei to dagane. Torsdag skal han møte Jytte Gudeland, som er i miljøkomiteen i Europaparlamentet. Etter det deltek han på eit seminar om grøn skipsfart i Norway House. Om kvelden er det middag og møte i EU si venegruppe av land som er ambisiøse på klimaområdet, Green Growth Group (GGG).  Dette omfattar fjorten EU-land, samt Noreg. Saman ynskjer dei å gå føre i klimapolitikken. Helgesen skal leie dette møtet, der næringslivet også deltek. Klima- og miljøministrane vil få presentert rapporten "How the private sector is helping Europe maintain its climate ambition"? Her vil næringslivet komme med eksempel på overgangen til grøn vekst. Hydro er med frå Noreg. 

Fredag er det ministermøte i GGG-gruppa. Besøkjet blir avslutta med møtet med Karmenu Vella, kommissær for miljø, maritime saker og fiskeri.

Pressekontakt for Helgesen er kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg, tlf 90569495