Historisk arkiv

Vidar Helgesen til USA for klimasamtalar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen besøkjer New York og Washington DC 12-14. mai. Han skal mellom anna motta pris for Noreg si innsats for å ta vare på regnskogen.

Noreg får pris frå den internasjonale miljøorganisasjonen Rainforest Alliance for arbeidet med å redusere avskoginga i tropiske land. Dette skjer på eit arrangement i New York 11. mai.

Vidar Helgesen skal vidare ha samtalar om klima og finansiering, og om klima og tryggleik i New York og Washington DC.  Mellom anna har han møter med Bloomberg og Blackrock, og i White House møter han John Morton, som er direktør for eininga som har ansvaret for energi og klima. Helgesen møter også presidenten i World Resources Institute. Dessutan ei rekkje forskarar og rådgjevarar, miljøorganisasjonar og tenkjetankar.

Vidar Helgesen er også med på middagen som president Obama held for dei nordiske statsleiarane.

Pressekontakt for Vidar Helgesen er kommunikasjonssjef i Klima- og miljødepartementet, Jon Berg, tlf 90569495