Historisk arkiv

Vidar Oma Steine ny ekspedisjonssjef i Sjukehusavdelinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet

Pressemelding

Nr.: 17
Dato: 11.02.2000

Vidar Oma Steine ny ekspedisjonssjef i Sjukehusavdelinga

Spesialrådgjevar Vidar Oma Steine (51) blei i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i Sjukehusavdelinga i Sosial- og helsedepartementet (SHD). Steine har dei siste åra arbeidd mykje med organisering av sjukehus som spesialrådgjevar i SHD.

I 1996 leidde Steine utvalet som la fram utgreiinga "Pasienten først! Ledelse og organisering i sykehus". Sidan 1998 har han leidd Forum for organisasjonsutvikling i sjukehus, og vore tilsett i SHD. Steine var prosjektdirektør i NAVO frå 1996 til 1998, og ekspedisjonssjef i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 1991 til 1996. Frå 1988 til 1991 var han tilsett i DnC/DnB, og frå 1976 til 1988 arbeidde han i Finansavdelinga i Finansdepartementet.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Vidar Oma Steina, tlf 22 24 84 07

Lagt inn 11. februar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen