Vidare planlegging av E39 Aksdal- Bergen: Kryssing av Bjørnafjorden, med bru Tysnes - Os

Samferdselsdepartementet har i dag bede Vegdirektoratet om at alternativet ”Midtre line” skal leggjast til grunn for framtidig E39 mellom Aksdal og Bergen. E39 skal dermed krysse Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os.

- Samferdselsdepartementet har i dag bede Vegdirektoratet om at alternativet ”Midtre line” skal leggjast til grunn for framtidig E39 mellom Aksdal og Bergen. E39 skal dermed krysse Bjørnafjorden med bru mellom Tysnes og Os.

Dette opplyste samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på eit møte i Bergen i dag.

- I det vidare planarbeidet skal det leggjast opp til et godt samarbeid med lokale styresmakter, mellom anna for å minske konflikt og uheldige verknader for natur og kulturminne, seier samferdselsministeren. 

Fleire opplysningar:

Brev av 20. desember 2013 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (pdf)