Statsbudsjettet:

Vidare satsing på folkebibliotek, litteratur og språk

Regjeringa styrkjer folkebiblioteka og litteraturtilbodet til born og unge. Tilskotet til det Norske Akademis Store Ordbok blir vidareført. Regjeringa foreslår og eit tilskot til Sentralt stadnamnregister til oppfølging av ny stadnamnlov.

Folkebiblioteka vert styrkt med fem millionar kroner

Auken skal gå til utvikling og drift av fellestenester for folkebiblioteka i regi av Nasjonalbiblioteket. Slik får biblioteka avlasting for meirarbeid slik at dei kan bruke meir tid og ressursar på publikumsretta arbeid.

- Folkebiblioteka er dei best likte og mest brukte kulturinstitusjonane vi har i Noreg. Regjeringa vil bidra til at folkebiblioteka kan utvikle seg til moderne og framtidsretta kulturinstitusjonar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Nasjonalbiblioteket leverer fellestenester som digital infrastruktur og depot-tenester til folkebiblioteka. Utvikling av god digital infrastruktur er grunnleggjande for velfungerande folkebibliotek.

Auken i løyvinga er oppfølging av den nye nasjonale bibliotekstrategien for 2015 - 2018 som vart lagt fram i august. Her fremjer regjeringa konkrete løysingar for å styrkje folkebiblioteka som aktive formidlarar av kunnskap og kulturarv, og legg til rette for folkebiblioteka som aktuelle og uavhengige møteplassar og arenaer for offentleg samtale og debatt.

Tilskot til ordboksarbeid vert vidareført

Regjeringa foreslår ei løyving på 15,4 millionar kroner til arbeidet med Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB).  NAOB byggjer på den eksisterande Norsk Riksmålsordbok, men skal etter planen dokumentere heile majoritetsmålformen. Etter oppdaterte planar og private finansieringstilsegner frå fleire private bidragsytarar ser det no ut til at verket kan bli publisert som gratis, digital ordbok på Internett i 2017. Prosjektet Norsk ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo vert ferdigstilt i 2015.

Styrking av litteraturtilbodet på nynorsk for born og unge

Regjeringa foreslår å styrkje tilskotet til Det Norske Samlaget med 0,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2016. Formålet er å støtte opp om Samlaget si satsing på nynorsk litteratur for born og unge på digitale plattformer.

- Det er viktig med god litteratur for born og unge på begge målformer. Ei styrking av tilskotet til Det Norske Samlaget vil leggje til rette for eit breiare litteraturtilbod på nynorsk for dei unge lesarane, også digitalt, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Tilskot til oppdatering av Sentralt stadnamnregister (SSR)

Kulturdepartementet har gjort endringar i lov om stadnamn som gjev grunneigarar rett til å fastsetje skrivemåten av namn på eige gardsbruk (bruksnamn). Grunneigarane må registrere namnevedtak i Sentralt stadnamnregister, som etter lova er administrert av Statens kartverk. For å få til nødvendige oppdateringar i registeret som følge av lovendringa, foreslår regjeringa å gje Statens kartverk eit tilskot på 0,8 millionar kroner i 2016.

- Dette tiltaket sikrar effektiv og ryddig registering av den skrivemåten grunneigarar no har rett til å fastsetje for gardsbruket sitt, seier kulturminister Thorhild Widvey.