Historisk arkiv

Rekordsatsing på kvalitet i barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa satsar meir på kvalitet i barnehagen enn noka tidlegare regjering. I 2016 føreslår regjeringa å bruke 440 millionar kroner for å styrke kvaliteten. Det er historisk at barnehagar får dei same økonomiske rettane, uavhengig av om dei er kommunale eller private.

-Regjeringa bygger kunnskapssamfunnet, og det arbeidet startar allereie i barnehagen. Derfor aukar vi satsinga på trygge barnehageplassar av høg kvalitet. Vi vil legge til rette for at alle barn skal få ein god start i livet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kvalitet viktigast

Regjeringa føreslår å styrke løyvingane til kvalitet i barnehagen med 160 millionar kroner i 2016. Det gjer at regjeringa vil bruke totalt 440 millionar kroner for å fremje kvalitet i barnehagen i 2016. Det er 270 millionar kroner meir enn i 2013, noko som er over ei dobling.

 

Større versjon

Vidareutdanning til barnehagelærarar

Regjeringa vil gi fleire assistentar som allereie jobbar i barnehagen høve til å ta eit fagbrev eller barnehagelærarutdanning. I tillegg føreslår regjeringa tiltak for å heve kompetansen til alle tilsette i barnehagen, som for eksempel leiarutdanning for styrarar.

Lik behandling

Regjeringa føreslår å løyve 180 millionar kroner for å fjerne skilnaden i finansieringa mellom private og kommunale barnehagar. Tilskotet til private barnehagar blir auka frå 98 til 100 prosent av det dei kommunale barnehagane får. Det gjer at dei private barnehagane får like mykje offentleg stønad som dei kommunale barnehagane.

 -Med dette er ein milepæl nådd, seier Røe Isaksen.

Nytt finansieringssystem

Finansieringsordninga for private barnehagar blir lagd om frå 2016. Den nye ordninga skal gjere finansieringa enklare og meir treffsikker. Endringane som gjeld pensjon inneber isolert sett ein reduksjon i overføringane til dei private barnehagane. Men omlegginga blir kombinert med at ein aukar tilskotet til private barnehagar frå 98 til 100 prosent av det dei kommunale barnehagane får. Samla sett kjem derfor private barnehagar ut omtrent i null som følge av endringane.

Informasjons- og rekrutteringsarbeid

Regjeringa ønsker at fleire barn frå familiar med låg inntekt og med minoritetsspråkleg bakgrunn skal gå i barnehagen. Regjeringa føreslår derfor å løyve 10 millionar kroner slik at kommunane kan informere familiane systematisk og målretta.

− Vi vil fortelje kor viktig det er at barna lærer godt norsk. Dei barna som lærer språket godt i barnehagen får det enklare når dei startar på skolen, seier Røe Isaksen.

Statsbudsjettet

Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene ta kontakt med Kommunikasjonsenheten ved  Ajfer Husejin