Historisk arkiv

Vil auke forskinga på lågutsleppsamfunnet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vil løyve 75 millionar kroner til Noregs Forskingsråd for å styrkje arbeidet med lågutsleppsforsking.

–Vi treng å styrke vår grøne konkurransekraft i ein periode med lågt aktivitetsnivå. Difor vil regjeringa auke løyvinga til forsking og næringsliv sitt arbeid med innovasjon og grøn omstilling, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tildelinga skal fremme forsking, utvikling og innovasjon av nye løysingar som kan føre til at Noreg reduserer utslepp av klimagassar samtidig som det stimulerer til næringsutvikling. Pengane skal innrettast mot nytta forsking, vere tverrfagleg og skal fremme innovasjon i næringslivet. Vidare skal dei også sikre forsking og innovasjon som kan føre til reduserte klimagassutslepp innan til dømestransport og jordbruk.. Tiltaket skal støtte opp om, og blir sett i samanheng med, Forskingsrådet sine andre innsatsar.

Satsinga på lågutslepp går rett inn i kjernen av det felles europeiske lyftet for grøn omstilling. Norske forskingsmiljø deltek aktivt her. I 2020 kjem det  nye utlysingar i det europeiske forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 som skal føre til nye og betre løysingar både for klima og natur.