Historisk arkiv

Vil auke gjenbruket i bygg- og anlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vil gjere det enklare å gjenvinne betongavfall frå bygg- og anleggsverksemd slik det kan nyttast til nye og nyttige føremål som til dømes fyllmasse i veg og parkeringsplassar.

- Regjeringa ønsker at meir avfall frå byggaktivitar skal materialgjenvinnast eller brukast om att. Sidan 2015 har mengda tegl og betong som har blitt deponert, auka i volum. Denne utviklinga vil regjeringa snu. Difor endrar vi no avfallsforskrifta slik at meir tegl og betong kan nyttast en gong til, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Det er særleg i vegprosjekt eller når ei lagar støyvollar og parkeringsplassar at tegl og betong kan kome til sin rett – ein gong til.

Det nye kapitlet i avfallsforskrifta inneheld krav til øvre grenseverdiar for helse- og miljøfarlege stoff i brukt betong og tegl som skal nyttast til nye føremål. I tillegg stiller forskrifta krav til å fjerne og destruere mellom anna maling og fuger frå betongen som inneheld høge konsentrasjonar av PCB. Dette gjeld uavhengig om betongen skal gjenvinnast eller deponerast. Slik vil forskrifta sikre at større mengder av miljøgifta PCB går ut av kretsløpet.

- Det nye regelverket vil vere enklare å forhalde seg til og fremje ei miljømessig forsvarleg bruk av lett forureina betong.  Det er bra for byggherren, og det er betre for miljøet, sier Rotevatn.

Eit tydlegare regelverk vil vere enklare for dei ulike aktørane å bruke, sikre likare handsaming, redusere behovet for handsaming av enkeltsaker og fremje miljømessig forsvarleg bruk av lett forureina betong.

Byggteknisk forskrift er òg endra slik at betong- og teglavfall  inngår i avgjerdene om kartlegging av farleg avfall og miljøsanering.

Begge forskriftsendringane vil trå i kraft 1.juli. 2020.

Miljødirektoratet vil utarbeide ein rettleier om det nye forskriftskapitelet som vil ligge på nettsidene deira.