Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil auke støtta til grøn omstilling i kommunane

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til ordninga Klimasats med 50 millionar kroner. Gjennom Klimasats kan kommunar og fylkeskommunar søke om støtte til prosjekt som kuttar klimagassutslepp og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet.

- Kommunane spelar ei viktig rolle i den grøne omstillinga. Rekordmange kommunar har søkt om pengar frå Klimasats i år. Det vitnar om stort engasjement i kommunane. Med ei styrking av ordninga vil enda fleire kommunar kunne gjennomføre prosjekt som gir klimagassreduksjonar, bidreg til utvikling av klimavennleg teknologi og arbeidsplassar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Løyvinga på 50 millionar kroner vil bidra til å utløyse nye Klimasatsprosjekt over heile landet. Tiltaka vil stimulere til auka aktivitet i både kommunar og privat sektor. Kommunane  vil kunne søke om støtte til blant anna klimavennlege bygg og til å bygge opp auka kompetanse og kapasitet for klimavennlege offentlege innkjøp i kommunane.

Klimasatsordninga blei oppretta av regjeringa i 2016. Sidan da har ordninga støtta nesten 1000 prosjekt i kommunar i alle delar av landet med over 600 millionar kroner. Ei evaluering av ordninga gjennomført av Menon Economics viser at Klimasats bidreg til direkte utsleppsreduksjonar, og hjelper fram bruk av klimavennlege teknologiar, som til dømes elektriske tenstebilar, utsleppsfrie anleggsmaskinar og klimavennlege materiale i kommunale bygg.

Klimasats har også bidrege til at kommunar samarbeider meir og delar ny kunnskap med kvarandre.

For meir informasjon om ordninga sjå her.

Til toppen