Historisk arkiv

Vil nedkjempe ulovleg fiske med globale fangstsertifikat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

-Noreg har fått støtte frå FN til å utvikle eit felles format for fangstsertifikat for fisk, og no vil vi medverke økonomisk til å gjennomføre arbeidet, lova fiskeriminister Elisabeth Aspaker i eit møte i Verdas matvareorganisasjon i Bergen denne veka.

Noreg fekk gjennomslag i FNs fiskeriresolusjon i 2013 for å be Verdas matvareorganisasjon (FAO) om å setje i gang arbeid for å utvikle eit felles globalt format for fangstsertifikat for fisk. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker opna den 14.sesjonen i FAO sin underkomité for handel med fisk i Bergen måndag 24.februar, og understreka i opningsinnlegget kor viktig det er å forenkle regimet for fangstsertifikat for fisk. 

- Å harmonisere fangstsertifikata er eit viktig forenklingstiltak som også styrkjer det globale arbeidet mot ulovleg fiske. Vi er glade for å medverke økonomisk til at FAO no kan gjennomføre dette arbeidet, seier Aspaker.

Fangstsertifikata verifiserer opphavet til fisken, dokumenterer at importerte fiskevarer stammar frå lovleg fanga fisk og hindrar at fiskeprodukt med basis i ulovleg fiske kjem på verdsmarknaden. Sidan stadig fleire land innfører krav om fangstsertifikat meiner Noreg som eksportnasjon at det er viktig at slike krav ikkje fører til unødige hinder for handelen med sjømat.

 

Elisabeth Aspaker åpner den 14.sesjonen i FAOs underkomité for handel med fisk, Bergen, mandag 24.februar (NFD)