Historisk arkiv

Vil betre utdanningsbistanden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Noreg og Verdsbanken er samde om å opprette eit nytt fond for å styrke finansiering av utdanning i fattige land. Utdanning er ein viktig veg ut av fattigdom, og kvaliteten på utdanningstilbodet er viktig i alle land. Derfor skal finansieringa knyttast sterkare til oppnådde resultat. Fondet vart lansert av Verdsbankens president Jim Kim og statsminister Erna Solberg under World Economic Forum i Davos i dag.

– Eg er svært tilfreds med at vi på denne måten kan bidra til auka kunnskap om nyskapande metodar innan utdanningsfinansiering. Utdanning er ein veg ut av fattigdom, og fondet kan bli et viktig bidrag for å nå ut til dei mange barna som i dag får ingen eller dårleg utdanning. Hovudvekta vil bli lagt på låginntektsland og land som er i eller har vore i konflikt, seier statsminister Erna Solberg.

Noreg vil bidra med 60 millionar kroner til fondet i ein pilotfase. Føremålet er å styrke fattige lands utdanningssystem, slik at dei i større grad kan oppnå gode resultat i utdanninga. I fattige land blir ofte skulegang ikkje høgt prioritert. Fondet kan vere med på å snu denne utviklinga, ved at fleire opplever at dei får noko att for å satse på utdanning, og at skule- og utdanningsadministrasjonen kan sjå at arbeidsinnsatsen deira gir resultat. Effektive tilnærmingar og grundig evaluering blir viktige element i tiltaka som skal finansierast under fondet.

– Verdsbanken er glad for å gå saman med Norge om å støtte resultatbasert finansiering for å styrke utdanningstilbodet til barn og ungdom i utviklingsland. Vi skal byggje på vårt svært effektive samarbeid innan helse. Vi vonar at dette fondet skal samle fleire land og partnarar som ønskjer å bruke knappe bistandspengar til å skape gode resultat i utdanninga, slik at alle barn kan få like god utdanning, sa Jim Kim, sjefen for Verdsbanken.

Det er ofte mange grunnar til at skulegang blir nedprioritert i fattige land. Lærarlønna er ikkje tilstrekkeleg til å leve av, foreldre ser lite nytte av å ha barn på skule når dei lærer lite og når arbeidskrafta deira trengst andre stader. Nokre stader er det ein nedarva motvilje til, og liten sosial aksept for å sende jenter på skule. Med nyskapande finansieringsmetodar kan fondet vere ei kjelde til endring.

– Resultatbasert finansiering har vist seg å vere svært effektivt innanfor helsesektoren. Det nye fondet vil kunne bidra til å snu den negative utviklinga i fattige land si satsing på utdanning gjennom å premiere innovative og nye metodar, seier Solberg.

Støtte til å styrke kompetanse og engasjement hos lærarane, og å inkludere utsette elevgrupper, slik som jenter i utkantstrok, barn og ungdom med funksjonshemming og frå minoritetsgrupper, er ein viktig del av satsinga. Utdanning for jenter og for barn og ungdom som no fell utanfor, er blant dei prioriterte satsingane frå regjeringa si side i internasjonalt utdanningssamarbeid.  

Frå norsk side er avtalen meint som eit første bidrag for å trekkje andre partnarar med i eitt felles finansiert fond når pilotfasen er over i 2016.