Historisk arkiv

Vil fjerne rundballeplast frå fôringsplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fôring av hjortevilt med rundballar om vinteren er vanleg i Noreg, og er eit ynskje om å hjelpe dyra gjennom ei tøff årstid. No oppfordrar Veterinærinstituttet hjorteoppdrettere til å fjerne rundballeplast og anna plastmateriale frå hjortehegnene, samt fjerne rundballeplasten frå fôringsplassar for hjortevilt.

Eit ynskje om å redusere ulykker på vegen

Ei årsak til at vi fôrar hjortevilt med rundballar om vinteren, er for å halde dyra borte frå veg og jernbane.  Ein gjev dyra tilgang på silofôr ved at rundballar som er pakka inn i plast, blir køyrd ut på fôringsplassar. Dersom plasten ikkje blir fjerna  kan hjorteviltet få i seg plasten saman med fôret.

Elg.
Elg. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Skaffar kunnskap om sjukdomar og truslar

Obduksjonar av både tamme og ville hjortedyr dei siste åra har avdekka fleire tilfelle av framandlekamar av plast i vomma. Plast i vomma vil kunne forstyrre drøvtyggingen, vommotorikken, og vidare transport av vominnhaldet i fordøyelsessystemet. Veterinærinstituttet tek jamleg inn tamme og ville hjortedyr til obduksjon for å fastslå årsak til sjukdom og død. Gjennom Helseovervåkingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP) skaffar dei kunnskap om sjukdomar og truslar mot helsetilstanden til norske hjortevilt.