Vil forlenge midlertidig koronalov for barnevernet og fylkesnemnda

For å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19, fremjar departementet forslag for Stortinget om å forlenge den midlertidige lova om tilpassingar i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda til 1. juni 2021.

Barnevernet og fylkesnemnda er samfunnskritiske funksjonar. Reglane har verka sidan 4. april 2020 og erfaringane frå fylkesnemndene, fylkesmennene og Bufetat, er at reglane har fungert etter føremålet og at lova bør forlengast. Fleirtalet av høyringsinstansane støttar òg forslaget om å forlenge lova til 1. juni 2021. 

Covid-19 er ein trussel mot folkehelsa fram til ein tilstrekkeleg del av befolkninga er immune ved vaksinasjon. Smitteverntiltak vil kunne hindre ordinær saksavvikling i fylkesnemndene og drift i barnevernet også i tida framover.

Ved nye større utbrot, vil saksavviklinga kunne stoppe opp i fylkesnemndene utan dei midlertidige reglane om fjernmøte og delvis skriftleg behandling. Dette vil vere svært alvorleg for dei involverte og for samfunnet.

Dei midlertidige reglane om flytting av eit barn frå ein institusjon på grunn av covid-19 og moglegheita for digitale tilsyns- og oppfølgingssamtalar er òg viktig rettstryggleiksgarantiar dersom nye utbrot rammar institusjonar og fosterheimar. Midlertidig flytting har hittil berre skjedd i to tilfelle.

Barnevernet og fylkesnemnda skal nytte barnevernlova sine ordinære reglar dersom det er mogleg. Den midlertidige lova kan berre brukast når det er naudsynt på grunn av covid-19 og når lovas andre strenge krav er oppfylte. Dersom konsekvensane av utbrotet av covid-19 endrar seg, og det ikkje lenger er behov for lova, vil Stortinget kunne oppheve lova på et tidlegare tidspunkt.

Den midlertidige lova blir oppheva 22. oktober 2020, viss ikkje Stortinget bestemmer noko anna.

Les proposisjonen: Prop. 145 L Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19

Følg proposisjonen på Stortinget