Historisk arkiv

Vil gi alderspoeng frå avslutta vidaregåande skole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Elevar med framskoten skolestart bør få alderspoeng samtidig som klassekameratane sine når dei søker høgare utdanning. Regjeringa foreslår derfor å gi alderspoeng ut frå når elevane har avslutta vidaregåande opplæring i staden for når dei er fødde.

I dag får søkarar til høgare utdanning to alderspoeng per år frå og med det året dei fyller 20 år. For elevar som enten har begynt eit år tidlegare på skolen, eller som har hoppa over eit trinn, har gjeldande regelverk gjort at dei må vente lengre enn klassekameratane sine på å få alderspoeng. Det ønsker regjeringa å endre på. 

– Vi ønsker ikkje å straffe dei elevane som har begynt tidlegare på skolen eller gjennomført skolegangen raskare enn andre elevar. Derfor sender vi ut eit høyringsbrev der vi foreslår å endre forskrifta om opptak slik at søkarane får to alderspoeng per år frå og med året etter at dei har avslutta vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Henrik Asheim. 

For at elevar som har begynt eit år seinare på skolen, eller brukt meir enn normert tid på vidaregåande opplæring, ikkje skal bli skadelidande, vil alderspoeng uansett begynne å gjelde frå og med året søkaren fyller 20 år. 

Både i noverande forskrift og forslag til ny forskrift er det mogleg for søkarane å få maksimalt åtte alderspoeng. 

Forslaget til ny forskrift gjeld søkarane som har vitnemål om bestått treårig vidaregåande opplæring med studiekompetanse, og som blir vurderte i den ordinære kvoten, ikkje i kvote  for førstegongsvitnemål 

Forslaget er sendt ut 2. oktober som eit tillegg til brevet som blei sendt ut på høyring 14. august. Høyringsfristen er tysdag 14. november.