Historisk arkiv

Vil gje ordførarane meir makt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ordførarane ønskjer meir formell mynde. No får dei støtte frå kommunal- og regionalministeren.

Ordførarane ønskjer meir formell mynde. No får dei støtte frå kommunal- og regionalministeren. 

– I praksis har ordførarrolla endra seg mykje over tid og har blir meir profesjonalisert. Oppgåver og arbeidsformer er annleis. Dessutan nyttar ordførarane meir tid på vervet. Eg vil vurdere om vi bør endre lovverket for å gje dei meir mynde og gjere ordførarrolla tydelegare, seier statsråd Liv Signe Navarsete. 

Rapporten ”Ordførermakt? Den norske ordførerrollen i lys av forsøkene med direkte valg og utvidet myndighet 1999-2011”  er laga av Universitetet i Tromsø på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.  Forskarane  har studert korleis ordførarrolla har utvikla seg over tid. Dei har også samanlikna den norske ordføraren med ordførarane i andre europeiske land. Dessutan har dei evaluert forsøka med å gje ordførarane utvida mynde.

Mykje tyder på at ordføraren har fått ein meir framskoten plass enn andre folkevalde i kommunane dei siste femten åra. Ordførarane sjølv meiner dei har styrka stillinga si i høve til formannskap og kommunestyre. Samstundes opplever ordførarane at rådmannen har fått enda meir makt enn dei sjølv. Norske ordførarar ser heller ikkje ut til å ha stor makt samanlikna med kollegaer i andre europeiske land.

Forsøka med utvida mynde til ordførarane har hatt lite å seie for korleis ordførarrolla blir utøvd. Ordførarane meiner det kan vere grunn til å vurdere nokre justeringar når det gjeld kva formell mynde dei bør ha. Til dømes ønskjer mange formell mynde til å gjere framlegg i kommunale folkevalde organ der dei sjølv ikkje er medlem. Mange av dei ønskjer også mynde til å fatte hastevedtak.

- Ordføraren er den fremste politisk tillitsvalde i norske lokalsamfunn. Studien tyder på at dei norske ordførarane stort sett fungerer godt. Samstundes kan det vere aktuelt med lovendringar for å utvikle rolla. Det vil eg no vurdere, seier Navarsete.

Rapporten: Ordførermakt? Den norske ordførerrollen i lys av forsøkene med direkte valg og utvidet myndighet 1999-2011

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.