Vil gjere det enklare å satse på hest

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale lanserte denne veka ein kommande nasjonal rettleiar for bruk og hald av hest på Norsk Hestesenter på Lena.

– No forsterkar vi arbeidet for å skape nye arbeidsplassar i distrikta basert på norsk hest, gjennom å utarbeide ein rettleiar som bidreg til å gjere det enklare for folk å satse på hest, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Hesten har hatt stor betyding for oss mennesker, og er framleis viktig i det moderne samfunnet. Regjeringa satsar på hest, og har i dag starta arbeidet med ein nasjonal veileder for hest i samarbeid med hestenæringa.
Hesten har hatt stor betyding for oss mennesker, og er framleis viktig i det moderne samfunnet. Regjeringa satsar på hest, og har i dag starta arbeidet med ein nasjonal rettleiar for hest i samarbeid med hestenæringa. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Det er eit ynske om at den nasjonale rettleiaren skal samle regelverket og fungere som eit oppslagsverk både for kommunane og hesteeigarane. Landbruks- og matdepartementet og hestenæringa er i dag samla på eit innspelsseminar, kor dei startar utforminga av rettleiaren. Etter planen skal den vere klar neste vår, og er inspirert av den nasjonale rettleiaren som har blitt laga i Sverige.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk prøve seg som travkusk med kaldblodstraveren Tord Viking, på Norsk Hestesenter i går.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk prøve seg som travkusk med kaldblodstraveren Tord Viking, på Norsk Hestesenter i går. Med i vogna satt travtrenar Kjetil Helgestad. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Ein tommelfingerregel er at kvar tiande hest skapar éin arbeidsplass. Hesten blir brukt både til rekreasjon, sport, fritid og terapi. Det burde difor ligge store moglegheiter i å få meir næring og arbeidsplassar ut av hesten, seier Dale.

Hesten blir brukt både til rekreasjon, sport, fritid og terapi.
Hesten blir brukt både til rekreasjon, sport, fritid og terapi. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Rettleiaren vil mellom anna innhalde informasjon om korleis kommunane betre kan legge til rette for hestehald i sin arealplanlegging, kjøp av hestebaserte tenester, trafikktryggleik og kvalitetssikring i hestenæringa.