Historisk arkiv

Vil ha ein avklaring av framtida til den gamle stolheisen over Minilla

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi er glade for at historiske metodar og installasjonar, som den gamle stolheisen over elva Minilla i Trollheimen, blir tatt godt vare på. På den måten går ikkje desse kulturminna tapt. Det må også vere trygt å bruke dei. Så synest eg det er viktig at vi opptrer ryddig overfor dei som eig og driv stolheisen. Slik saka no står, opnar ikkje regelverket for at Samferdselsdepartementet kan ta ein avgjerd i saka. Difor har vi sendt ho tilbake til Statens jernbanetilsyn, slik at dei kan handtere saka vidare på ein god måte, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Taubaneloven set krav til at taubanar blir bygd, drive og vedlikehaldne slik at dei ikkje skadar personar. Denne saka gjeld spørsmålet om den gamle stolheisen over elven Minilla er omfatta av taubanelova, og difor må oppfylle krava til tryggleik.

Verneområdestyret for Trollheimen (VfT) har søkt om at stolheisen ikkje skal omfattast av taubanelova. Grunngjevinga er at stolheisen er eit historisk eller kulturelt anlegg, eller eit taubaneanlegg for jordbruks- eller skogbruksformål.

Statens jernbanetilsyn avslo søknaden og VfT klaga på vedtaket. Samferdselsdepartementet avviste klaga, fordi det ikkje er klagerett på spørsmålet om taubanar er unntatt frå lova eller ikkje.

Samferdselsdepartementet vil ta eit møte med jernbanetilsynet for å diskutere korleis denne typen historiske anlegg skal handterast framover.

- Det kan vere vi bør få utvikla eit tilpassa regelverk som gjer at man kan ivareta sikker drift, på same tid som ein tek omsyn til dei kulturelle og historiske verdiane ved anlegga, seier samferdselsministeren.