Historisk arkiv

Vil ha fleire kvinner i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kvinner er viktige i landbruket og tilfører idear og trekkjer inn verdiar i drifta som kan bidra til næringsutvikling, nyskaping og eit løft for økonomien. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) utgjorde kvinner 37 prosent av nye eigarar av landbrukseigedomar i 2015.

Det er viktig at kvinner og menn har dei same mogleigheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og i landbruksbaserte næringar. Fleire verkemiddel over jordbruksavtala bidreg til å legge til rette for dette.

Kvinner har i fleire år blitt prioritert ved tildeling av midlar til investering og bedriftsutvikling. Det legg til rette for ei positiv utvikling i næringa, der både kvinner og menn har moglegheit til å etablere seg som aktive næringsutøvarar.

Kvinnelig bonde i fjøs.
Kvinner er viktige i landbruket og tilfører idear og trekkjer inn verdiar i drifta som kan bidra til næringsutvikling, nyskaping og eit løft for økonomien. Foto: Colourbox

Tala frå SSB viser at nye eigarar fordelte seg mellom 60 prosent menn, 37 prosent kvinner og 3 prosent aksjeselskap, stat, kommune og liknande. Mange kvinner fell likevel utanfor statistikk når det gjeld eigarskap av landbrukseigedomar. Over 40 000 av dei som søker produksjonstilskot er enkeltpersonføretak. Sidan kun ein person kan stå oppført som eigar, vil ikkje dette gje eit godt bilete på korleis eit gardbrukarpar er involvert i drifta.