Vil hindre juks på verkstad og i transportbransjen

– Vi skal kjempe mot juks i transportsektoren. Regjeringa foreslår no regelendringar som vil betre kontrollen på bilverksted og kvaliteten på EU-kontrollane. Vi må stoppe useriøse verkstader som driv med juks. Vi foreslår óg strengare reglar for fartsskrivarar som registrerer køyre- og kviletid i tunge kjøretøy. Vi må sikre at seriøse aktørar vinn i marknaden, ikkje dei som juksar med reglar og avgifter, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Bilverksted. Foto: Bjørn Rørslett, Samfoto, Scanpix

Regjeringa la fredag fram forslag til Stortinget om endringar i vegtrafikkloven, som inneber nye krav til verkstader og kontrollørar som utfører EU-kontroll. Endringane heng saman med nye EU-reglar på området.

– Du skal kunne føle deg trygg når du leverer bilen din inn på ein verkstad. Både på at dei som jobbar der veit kva dei gjer, men òg på at dei følgjer alle lovar og reglar. Nå vil regjeringa skjerpa krav til godkjenning, kompetanse og tilsyn med verksemder som gjennomfører periodisk kontroll av køyretøy og dei tilsette i kontrollorgana, seier Solvik-Olsen.

Vidare ønskjer regjeringa å synleggjere at køyretøykontroll langs veg skal vere basert på risiko, og stille krav til kontrollutstyr og kompetanse hos dei som kontrollerer langs veg og i føretak.

Vanskeligare å drive med juks

Det skal óg bli vanskelegare å jukse med fartsskrivaren som registrerer køyre og kviletid i tunge køyretøy. Som ei følgje av ny EU-forordning, blir det mellom anna skjerpa krav til kontroll av fartsskrivaren og til godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverksemdene.

– Vi har tidlegare registrert at enkelte juksar med fartsskrivaren, som registrer køyre- og kviletid i tunge køyretøy. Slikt juks øydelegg for konkurransen med dei som følgjer reglane, men ikkje minst er det trafikkfarleg å ha sjåførar som ikkje følgjer reglane ute på vegane våre. Som eit tiltak for å sikre at fartsskrivaren fungerer som han skal, blir det foreslått  skjerpa reglar for godkjenning av og tilsyn med fartsskrivarverksemdene, og å påleggje dei å støtte kontrollstyresmaktene i undersøkingar av om fartsskrivaren er manipulert,  seier Solvik-Olsen.

Sikrar god kvalitet på verkstadene

Dei forslaga som no blir lagte fram om endringar i lovverket heng saman med nye EU-reglar på området. Men regjeringa går og lengre enn EU-reglane på nokre område.

Mellom anna foreslår regjeringa endringar for køyretøyverkstader som ikkje er kontrollorgan eller fartsskrivarverkstad.

– Formålet er å sikre god kvalitet på tenestene verkstadene leverer gjennom krav til godkjenning og tilsyn, og å hindre ulovleg arbeid på motorvogn. Det vil gje betre tryggleik for bileigarane, dei seriøse aktørane i bransjen, og alle oss andre trafikantar, seier Solvik-Olsen.

Les heile proposisjonen til Stortinget her.

 

Foto: Bjørn Rørslett, Samfoto, Scanpix